Hopp til innhold

Meiner taretrålarar forsøplar badestranda

I Vågsøy er naboar til badestrendene sinte fordi dei meiner at taretråling har ført til at strendene er full av tare.

tare i vedvika

MYKJE TARE: På Stranda i Vedvik i Vågsøy er det for tida mykje tare.

Foto: Jonny Vedvik

– Korleis kan dette vere lov? Det ser jo heilt forferdeleg ut. Det seier Jonny Vedvik, som er grunneigar og fiskar i Vedvik.

Taretrålarane haustar tare frå botnen av havet utanfor Vedvik og Sætrasanden, og naboane meiner det er difor det no ligg tare på strendene der. Begge dei to stadene er ynda bademål for folk i Måløy, og om sommaren kan det vere stappfullt med badegjester.

– Eg har heller ikkje hatt moglegheit til å fiske her den siste tida, på grunn av taretrålinga. Det er det som er inntekta mi, så eg tykkjer jo det er for gale, seier Vedvik.

Ein stor industri

Ein annan nabo, Ole Sætren, er også irritert på all taren som har hamna på stranda der han bur.

– Det er ikkje slik vi vil ha stranda vår. Eg blir rett og slett forbanna over at det er lov å halde på slik, seier Sætren.

Taretråling har vorte ein stor industri langs norskekysten, då råstoff frå taren kan nyttast i alt frå medisin til matvarer. Taren har ein eksportverdi på over ein milliard kroner i året.

Les også: Taretråling har blitt milliardnæring

tare

LUKTAR: Fleire av naboane til taren på strendene i Vedvik og Sætrasanden seier at det luktar veldig frå taren

Foto: Jonny Vedvik

Ordførar vil undersøkje

Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap) seier det er fleire som har teke kontakt med ho i løpet av helga og fortalt om taren i Vedvik og på Sætrasanden på Halsør.

– Det er fleire som har sagt at dei er irriterte. Dei seier at det ikkje ser bra ut, og at det luktar veldig. Eg er jo einig i at det ikkje ser noko bra ut, seier Maurstad.

Ho trur ikkje kommunen har noko særskilt ansvar foropprydding av taren, men ho vil undersøkje saka.

Kristin Maurstad

VIL UNDERSØKJE: Ordførar Kristin Maurstad (Ap) vil undersøkje om det er nokon som har ansvaret for å rydde opp i taren

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– På måndag har eg tenkt til å ta kontakt med fiskeridirektoratet. Vi vil prøve å finne ut kva det er som er lov og kva som ikkje er lov, og kven som eventuelt må rydde opp, seier Maurstad.

Trålarane ser ikkje noko samanheng

Ole Damm Kvilhaug er dagleg leiar i Firmaet FMC Biopolymer, som er dei som driv med taretråling utanfor Vedvika og Sætrensanden. Han har ingen planar om å rydde opp i taren på badestrendene.

– Vi ser ingen samanheng mellom trålaktivitet, og drivtare som ender opp på strendene. Det er heilt vanleg langs kysten at det ligg tare i fjæra, seier Kvilhaug.

Han har likevel forståing for at det kan vere frustrerande å ha mykje tare som luktar og ikkje ser så bra ut.

– Vi har sympati med dei som blir frustrerte, men vi ser det ikkje som vårt ansvar å rydde opp i dette.