Hopp til innhold

Meiner skipstunnelen kan vere farleg

Stad skipstunnel skal byggast for å betre tryggleiken til sjøs, no fryktar enkelte at tunnelen i seg sjølv kan bli farleg. Kystverket lovar på si side at tunnelen blir trygg.

Stad skipstunnel

SKIPSTUNNEL: Stad skipstunnel kan vere ei brannfelle fryktar Jan-Hugo Holten, men Kystverket lovar at tunnelen blir trygg.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Stad skipstunnel skal gjere at båtane unngår det vanskelege og farefulle Stadhavet.

Jan-Hugo Holten har tidlegare vore fagansvarleg for maritim- og oljeureining i Norges miljøvernforbund, og jobba med beredskap og tryggleik på sjøen. Holten syner til rapportar som syner at Kystverket ser på brannfaren som liten, dermed meiner han at ein ikkje bur seg på at det utenkelege faktisk kan skje. Frykta er at ein passasjerbåt må evakuere hundrevis av passasjerar under ein brann inne i fjellet:

Jan-Hugo Holten

KRITISK: Jan-Hugo Holten har jobba mykje med beredskapg og tryggleik på sjøen. Han fryktar at Stad skipstunnel kan bli ei brannfelle om eit stort passasjerskip tek fyr.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

– Eg trur det vil bli ein ganske forferdeleg situasjon. Eg spør meg om risikoen for desse menneska, og kven som skal berge dei.

Fryktar følgjene av brann

Denne månaden vart det klart at Kystverket vil at Stad skipstunnel skal byggast, alle politiske signal tyder på at Stortinget til våren går inn for byggestart innan kort tid. Men Holten meiner prosjektet er for dårleg greidd ut med omsyn til brann:

– Faglege rapportar legg til grunn at folk skal kome seg ut av tunnelen sjølve trass varmen og røyken. Korleis skal til dømes ein pensjonist i rullestol då greie å overleve ein brann?

Hurtigruten Nordlys - dei første minutta

15. september 2011 bryt det ut brann i hurtigruteskipet Nordlys utanfor Ålesund sentrum etter ein eksplosjon. To menneske omkom og to vart alvorleg skadde.

Foto: Bjørn Fladmark

Kystverket lovar at tunnelen vil vere trygg

Men prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Andreassen, er heilt usamd med Holten. Han er klokkeklar på at tunnelen vil vere trygg.

Terje Andreassen

PROSJEKTLEIAR: Terje Andreassen i Kystverket er prosjektleiar for Stad skipstunnel.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Stad skipstunnel vil vere trygg på alle måtar, sannsynet for at det vil skje ein brann som fører til at ein båt må stoppe inne i tunnelen er ein gang per 840 000 år.

Andreassen meiner Kystverket likevel har greia ut grundig nok farane om det utenkelege faktisk skjer:

– Ei passering gjennom tunnelen vil ta 12 minuttar, og båtane skal gå gjennom sikkerheitsrutinar for å sikre klart skip før dei går inn. Fyrste tiltak ved brann vil vere at båten køyrer ut av tunnelen. Passasjerbåtar får også stadig betre sløkkeutstyr samanlikna med tidlegare, og doble motorar sikrar framdrift om det bryt ut motorbrann.

Gangbanar på begge sider skal sikre evakuering på begge sider av båten om den ikkje kjem seg ut. Røyk i ein høg og bein skipstunnel vil vere eit mindre problem enn i tronge vegtunnelar, og trekken vil vere stabil, seier Andreassen.

Stad skipstunnel

BÅTTRAFIKK: Stad skipstunnel skal flytte transport vekk frå vegnettet og over på kjøl gjennom at ein kan rekne med å passere Stad sjølv når det er dårleg ver.

Foto: Kystverket/Snøhetta

– Ikkje bygg tunnelen

Jan-Hugo Holten er motstandar av at den 1700 meter lange tunnelen til 2,5 milliardar skal byggast. Holten meiner det vil vere meir kostnadseffektivt å heller auke slepebåtberedskapen kring Stad.

– Det vil vere lettare å handtere situasjonar til sjøs, der ein kan legge båtar inntil, enn inne i ein tunnel.

Stad skipstunnel

INNSEGLING: Innseglinga til Stad skipstunnel sett nordfrå.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Kystverket meiner tunnelen bør byggast

Men påstanden vert tilbakevist av Andreassen i Kystverket. Han meiner båtane er tryggare innanskjers enn på ope hav.

–Eg meiner det seier seg sjølv, ein bergingssituasjon i dårleg ver utanfor Stad vil vere noko av det mest kompliserte på norskekysten.

Midnatsol i havsnaud ved Stad i 2003
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

14. desember 2003 fekk hurtigruta M/S "Midnatsol" motorstans og var nær ved å grunnstøyte i eit forrykande uver utanfor Stad. 102 passasjerar var om bord.