Hopp til innhold

− Kunnskapen om traktorkøyring er for liten

– Opplæringa av både dei som tek førarkort for traktor, sjåførlærarane og sensorane er for dårleg, påstår maskinteknisk rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving, Jogeir M. Agjeld.

Jogeir M. Agjeld

KRITISK: Jogeir M. Agjeld i Norsk Landbruksrådgiving.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Medieoppslaga der Statens vegvesen ber bøndene frakte traktorane på lastebil har skapt reaksjonar. Ikkje berre blant bøndene.

No kastar også dei som jobbar tett med bøndene seg på kritikken.

− At tilsette i Statens vegvesen uttalar at traktorsjåføren må la traktoren stå eller frakte den på lastebil om dei er redde for uheldige situasjonar i trafikken, er i overkant arrogant, seier Agjeld og legg til:

– Ein slik enkeltuttale frå ein seksjonsleiar er derimot ikkje det største problemet.

– Tek ikkje omsyn til landbruket

Frustrerte bønder, sinte bilistar og livsfarlege forbikøyringar er eit velkjent scenario over store delar av landet. Og bøndene varslar at det berre kjem til å bli fleire traktorar i trafikken framover.

Jogeir M. Agjeld i Norsk Landbruksrådgiving skuldar Vegvesenet for ikkje å ta nok omsyn til landbruket sine behov på fleire område.

Først og fremst peikar på han det han meiner er ei mangelfull opplæring av sjåførar som skal handtere traktorar og andre store landbruksmaskiner som køyrer både langs vegane og ute i terrenget.

– Landbruksmaskiner er spesielle køyretøy i forhold til alle andre køyretøy. Dei går sakte og kan vere store. Dei er laga for å ta seg over hindringar og ikkje for å verte deformerte i møte med andre hinder. Dette er krevjande maskiner å køyre som krev spesiell merksemd.

– Kan for lite om traktor

Agjeld understrekar at det ikkje er sjåførlærane kritikken er retta mot, men vegdirektoratet som lagar krava. Han hevdar at dei som i dag gir opplæring i førarkort på traktor berre har lært seg det som gjeld bil då dei tok sjåførlæraropplæringa.

– Dermed kan dei som tek førarkort på traktor altfor lite om traktoren sine særeigenheiter. Og dei som tek førarkort i andre klassar kan altfor lite om korleis dei skal ta omsyn til traktorar og landbruksmaskiner i trafikken.

Sjølv kjenner han til mange dødsulukker med traktorar i landbruket, men berre ei møteulukke med andre køyretøy på vegen.

– Grunnen til at det går bra er at veldig mange syner god folkeskikk og oppfører seg fint.

Traktoren kjører på veien, med flere biler bak seg.

DETTE BLIR DET MEIR AV: Bondelaget har varsla at det kjem til å bli fleire traktorar i trafikken framover.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Har innført nye krav til trafikklærarane

Per Gunnar Veltun jobbar med trafikkopplæring i Vegdirektoratet. Han meiner Norge har blant verdas beste opplæring av sjåførar.

Køyring med traktor på veg skil seg heller ikkje spesielt negativt ut når det gjeld ulukker.

Men Veltun vedgår at Agjeld kanskje har litt rett likevel.

– No må nye trafikklærarar ta spesialutdanning for å få lov til å drive med opplæring på traktor. Dei som alt driv med opplæring må gjennom eit spesielt kurs før 2020 for å verte betre på traktoropplæring. Vi kan seie at vi har teke konsekvensen av at det kanskje ikkje var bra nok, seier Veltun.