Hopp til innhold

Forsøkte å stoppe forbikøyring med traktoren

Ein traktorførar nekta å bli forbikøyrt av ei kvinne bak - og la seg difor ut i venstre køyrefelt to gongar for å stoppe henne. No må han betale for skadane på bilen.

Norges lover

Ein mann i Stordal må no ut med nesten 20 000 kroner etter at han

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Det var ein onsdagsmorgon tidlegare denne sommaren at traktorføraren i Stordal la merke til ein svart bil, som kom opp bak han i Viset-tunnelen. I retten har han forklart at vegen smalnar inn mot ein høgresving, og at han difor meinte det var farleg å køyre forbi.

For å gje eit signal om at føraren ikkje burde køyre forbi, la han seg difor over mot venstre.

Trefte bilen med bakhjulet

Etter kort tid kom dei to køyrande mot ei ny strekning der bilen forsøkte å kome seg forbi. Også her meinte traktorføraren at det var farleg å køyre forbi, og la seg igjen til venstre, slik at han sneia bilen.

Ifølgje dommen trefte bakhjulet på traktoren det eine speilet på bilen.

No er han i Sunnmøre tingrett dømt til ei bot på 8 000 kroner - og til å betale erstatning til bileigaren på vel 11 000 kroner.

Vedgjekk at han forsøkte å stoppe bilen

I retten tidlegare denne veka vedgjekk traktorføraren at han bevisst la seg ut til venstre for å hindre kvinna bak i å køyre forbi.

Retten karakteriserer køyringa som klart klanderverdig, og meiner traktorføraren skapte ein farleg situasjon ved å forsøkje å stoppe bilen bak frå å køyre forbi.

Konsekvensenane kunne blitt langt alvorlegare, slår retten fast.

Må betale nesten 20 000 kroner

Mannen ba om å få mindre enn 8 000 kroner i bot på grunn av dårleg økonomi, men fekk ikkje medhald i retten.

I tillegg må han betale vel 11 000 kroner i erstatning for reperasjon av det øydelagde speilet på bilen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL