Hopp til innhold

Meiner at Marine Harvest burde vere flaue

Marine Harvest meiner eksportavgifta som finansierer Sjømatrådet burde vere frivillig. – Dei tenkjer berre på seg sjølve, meiner pådrivar for avgifta, Nils Myklebust.

Nils Myklebust

KRITISK: Nils Myklebust meiner Marine Harvest burde vere flaue.

Foto: Steinar Lote / NRK

Oppdrettsselskapet Marine Harvest klaga tidlegare i år Norge inn for ESA fordi dei meiner selskapet blir utsett for ein ulovleg statsskatt.

Oppdrettsgiganten meiner dette bryt med reglane for statsstøtte innanfor EØS-området. Det får tidlegare fiskar og pådrivar for eksportavgifta, Nils Myklebust, til å reagere.

– Dei burde vere flaue, seier han.

– Eksportavgifta har vore med å bringe norsk sjømat til den statusen den har i dag og vi eksporterer i dag til om lag 150 land. Marine Harvest tenkjer berre på seg sjølv og ser ikkje kva som er det beste for fellesskapet, meiner Myklebust.

Det er eksportavgifta som finansierer Noregs sjømatråd og støtta til innanlands marknadsføring av fisk, Marine Harvest reagerer på.

Av alt norske fiskeribedrifter eksporterer, må dei betale ei avgift på 0,6 prosent, som Noregs sjømatråd brukar på marknadsføring av norsk sjømat – innanlands og utanlands.

Det var Fiskeribladet Fiskaren som omtalte saka fredag.

– Negativt for utviklinga

Per Sandberg

MINISTER: Per Sandberg trur ikkje Marine Harvest vil vinne fram med si sak.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix

Myklebust meiner Noregs sjømatråd sitt arbeid har vore viktig for å verne seg for angrep mot norsk fisk frå andre næringar og land. Han trur blant anna kjøttindustrien vil juble om Marine Harvest får viljen sin, og fryktar konsekvensane.

– Eg håpar at dei ikkje vinn fram, for over tid vil det vere negativt for utviklinga av næringa. Dei frie, mindre aktørane lovprisar denne ordninga, medan Marine Harvest har blitt for høg på pæra, seier Myklebust.

Han får støtte av fiskeriminister Per Sandberg.

– Eg trur at dei store må tenke på at ein har vore små ein gang. Det er mange som har blitt løfta av eksportavgifta, seier han.

Klaga inn til EFTA

Sandberg fortel at ESA ikkje har myndigheit til å behandle saka som gjeld spørsmålet om Sjømatrådet sin verksemd er statsstøtte. Den saka har Marine Harvest tatt til EFTA-domstolen. I saka som gjeld innanlands marknadsføring har ESA sagt at Sjømatrådet si marknadsføring er i strid med regelverket.

Sandberg har derimot lite tru på at Marine Harvest vil vinne fram med sin sak.

– Marine Harvest er i sin fulle rett til å teste det norske regelverket, men eg er rimeleg trygg på at vi vil vinne fram også her. Både Marine Harvest og alle andre nyt godt av marknadsføringa som Sjømatrådet gjer, fortel ministeren.

600 millionar i eksportavgift

Ola Helge Hjetland

MARINE HARVEST: Ola Helge Hjetland er kommunikasjonssjef i Marine Harvest.

Foto: NRK

– Vi meiner at finansieringa av Noregs sjømatråd må gjerast frivillig og ikkje lovpålagt, seier kommunikasjonssjef i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland.

Ifølge han kjem norske oppdrettsselskap til å betale omkring 600 millionar i eksportavgift i 2016. Hjetland meiner at ordninga fungerte godt då den vart innført i 1991, men at tidene har forandra seg.

– Den totale kostnaden på næringa låg på om lag 20 millionar kroner i 1991. Vi i Marine Harvest meiner at vi er lovpålagt å finansiere marknadsføringa av våre konkurrentar sine merkevarer, forklarar han.

Nærings- og fiskeridepartementet er i gang med å formulere sitt svar til ESA i saka som gjeld innanlands marknadsføring.