Hopp til innhold

- Taktisk glipp av Aabrekk

Sogn Avis likar ikkje at Harald Aabrekk endra Sogndal-taktikken alt i andre seriekamp. Aabrekk varslar fleire taktiske tilpassingar til motstandarane.

Sogn Avis kritiserer Harald Aabrekk sine taktiske val

DÅRLEG TAKTIKK: Endre Romøren i Sogn Avis var ikkje nøgd med Aabrek sin taktikk i Odd-kampen

Foto: Ingvild Nave / NRK

"Det var ein taktisk glipp eg håpar me ikkje får sjå igjen denne sesongen. Ein meir effektiv måte å usynleggjera laget sin beste offensive spelar, Ole Jørgen Halvorsen, skal ein leita lenge etter", skriv journalist Endre Romøren i tysdagens Sogn Avis.

Romøren kritisierer Aabrekk si omlegging frå 4-4-2-systemet Sogndal brukte med stort hell i opprykkssesongen 2010.

- Vanleg taktikk

Då Sogndal møtte Odd søndag var kantspelarane på midten trekte lenger inn i bana, og Halvorsen var flytta frå sin vande høgrekant og inn i bana som tilbaketrekt spiss.

"Halvorsen kom seg ikkje til avslutningsposisjon ein gong i løpet av dei 90 minuttane. Då må varsellampene blinka og Aabrekk innsjå at dette var eit svakt taktisk val", skriv Romøren som heller ikkje er nøgd med at Eirik Bakke og Henrik Furebotn enda opp som indreløparar, og ikkje i sine vande, sentrale midtbaneposisjonar.


"4-4-2, breie kantspelarar, Halvorsen så langt ut mot krittet som mogleg og ein Furebotn som spring i stykker motstandaren frå sentral midtbane. Sogndal har sin eigen måte å spela på, Aabrekk", avsluttar Romøren.

Aabrekk forklarar valet sitt med at han ville få fleire spelarar inn i den sentrale midtbana, ettersom Odd svergar til 4-3-3-formasjon med tre sentrale midtbanespelarar.

Harald Aabrekk

UEINIG: Aabrekk meiner midtbanetaktikken fungerte.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Vi ynskjer å ta kontroll mot Odd på midtbana og lukkast med det. Når ein spelar mot 4-3-3-lag er det lett å bli to mot tre sentralt på midtbana. I dei kampane vil vi trekke saman midtbaneleddet for å bli fire mot tre. Det er ein vanleg taktikk, seier Aabrekk.

Tøffare motstand


I kommentaren sin viser Romøren til at Aabrekk før sesongen sa at Sogndal skulle dyrke sine eigne styrker og spele sitt eige spel. Romøren ser endringane Aabrekk gjorde før Oddkampen som det stikk motsette.

– Vi jobbar med å utvikle spelestilen vår. Fotball er ikkje statisk, det er eit dynamisk og levande spel, svarar Aabrekk, utan å vere tydeleg på om Songdal skal tilbake til det vanlege spelemønsteret sitt med kantspelarar som ligg svært breitt i bana.

– I fjor var vi veldig høge med kantane våre og spelte i periodar meir med 4-2-4 enn 4-4-2. No møter vi tøffare motstand så vi får sjå korleis det utviklar seg utover.

To strake tap

At media spissar pennane alt etter to kampar og to tap i Eliteserien har Aabrekk følgjande kommentar til.


– Det må du spørje dei som skriv om. Eg trenar Sogndal og det er eg som legg føringane. Eg tenker på fotball som er faget mitt, ikkje på kva journalistar skriv. Vi ynskjer å vere gjenkjennelege. Vi har fått inn nye spelarar som skal inn i vår måte å spele på og det vil heilt sikkert ta si tid før dei set sitt preg på laget, seier Aabrekk.