Det seier nestleiar i NBG, Odd L. Ohnstad. - Det er ikkje nokon annen plass i landet der vi har så mange og så gode småskala mat- og reiselivsbedrifter som vi har her, seier han.
Lenge var bygdeturisme og gardsmat to åtskilde greiner innan småskalaverksemd i landbruket. Men etter samanslåinga til ein organisasjon i mars har medlemstalet berre stige. Nett no er seks nye småskalabedrifter på veg inn i organisasjonen her i fylket. Nestleiar Odd L. Ohnstad trur mange har oppdaga verdien av eit bransjenettverk.
Får fordelar
Anna Ullaland i Florø har drive hønseri sidan 1971. Først no søkjer ho seg inn i Norsk Bygdeturisme og Gardsmat. Og det fordi medlemsskapet gir føremoner. - Vi er under ein paraply der vi vert marknadsført utad, seier ho. Prior har ein kvote for kor mykje ein får lov til å selje til privatfolk. Ved å vere medlem i Norsk gardsmat får ho og lov til å selje meir egg enn den kvoten.
Odd L. Ohnstad trur dei som driv med gardsmat og bygdeturisme vil nyte godt av tilstrøyminga til organisasjonen. Ikkje minst fordi den felles satsinga på marknadsføring viser att i medlemmane sine rekneskapar.
- Vi har mange bedrifter som går som det susar, seier han.