Hopp til innhold

Kryssar fingrane før statsbudsjettet - håpar på medieforlik

Ein politisk avtale om nullmoms på både papir og digitale medium vil kunne bety mykje for lokalavisene, trur redaktør i Firda, Yngve Årdal.

Yngve Årdal,, Firda

HÅP: Det tverrpolitiske medieforliket som SV i dag la fram gjer redaktør i Firda Yngve Årdal håpefull på vegne av avisbransjen.

Foto: Johan Moen / NRK

– For oss vil eit momsfritak bety veldig mykje. Om momsen held fram som i dag kan vi måtte ut med over ein million kroner i 2015, seier redaktøren i lokalavisa Firda, Yngve Årdal.

VG skriv i dag at SV, saman med sine tidlegare regjeringspartarar i Senterpartiet og Arbeidarpartiet, inviterer dei andre partia til eit medieforlik. Der føreslår dei å innføre nullmoms på både papir og digitale medium.

I dag betalar aviser moms på annonseinntekter i papirutgåva, men ikkje på det redaksjonelle innhaldet.

Uroa over økonomiske konsekvensar

– Det sikrar kvalitet og ytringsfridom, og for oss som nynorsk avis, så er det også med på å fremje språket, seier Årdal.

For det digitale innhaldet må avisene ut med 25 prosent moms på dei digitale inntektene.

– Eit momsfritak eller nullmoms vil vere kjærkome, seier redaktøren.

Han er uroa for at mediemangfaldet skal bli svekka dersom avisene må ut med mykje pengar til moms.

Dei tidlegare regjeringspartia har allereie fått støtte frå Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, og Venstre er opne for å vurdere det. Onsdag er det venta at det kjem eit forslag i statsbudsjettet, som seier noko om kor mykje moms avisene må ut med på papir og digitalt.

Lokalaviser i Sogn og Fjordane

FRYKTAR FOR FRAMTIDA: Redaktøren i Firda fryktar at med moms på digitalt innhald vil fleire lokalaviser gå dukken.

Foto: Elin Thingvoll Berge / NRK

I regjeringsplattforma til Høgre og Frp står det at dei ynskjer å likestille papiraviser og e-aviser, og etablere ein felles lågmoms.

Håpar partia blir samde

– For mindre aviser kan utgiftene bli høge. Det er viktig for mediemangfaldet å få momsen lågast mogleg på redaksjonelt innhald. Ein auke frå 0 til 25 prosent i moms er mykje. Vi har opplagsinntekter på kring 30 millionar kroner, og 25 prosent av det blir store summar. Då kan vi ikkje halde fram å gje ut det produktet vi har i dag, seier Årdal.

Avisa har i dag om lag 11 000 abonnentar, som årleg betar 2500 kroner for avisa. Han set no sin lit til at momsen som eventuelt blir sett blir lågast mogleg.

– Eg trur ikkje det blir 25 prosent mom på papiravisa, men åtte prosent har vore omsnakka, og det blir mykje pengar for lokalavisene. Bransjen har ei utfordring, men nullmoms vil bety fleire lokalaviser. Eg håpar ein kan få til medieforliket som er føreslått, seier redaktøren.