Hopp til innhold

Medaljefest for lokale utøvarar i friidretts-NM

Eitt gull og to bronsemedaljar er henta heim til friidrettsklubbane i Sogn og Fjordane. Gullvinnar Kristi Strømmen Kjerpeset er no rangert som topp tre i Europa i hennar klasse.

Kristi Strømmen Kjerpeset

BLIR STADIG RASKARE: Kristi Strømmen Kjerpeset har gjennom innandørssesongen slått sin eigen rekord fleire gonger. Her gjorde ho det igjen.

Foto: Eirik Førde

– At det gjekk i boks er heilt uverkeleg. Eg trur ikkje eg har forstått det heilt enno, seier florøværingen, som i helga sprang inn til NM-gull på 60 meter hekk på 8,38 sekund.

Då ho reiste til Bærum hadde ho eit mål om å ta gull. Men å faktisk ta det, og med ei slik tid, kom likevel overraskande på.

– Eg er heilt skjelven enno, seier ho.

Blant dei sju beste nokosinne

Friidrettstalentet frå Florø har nokre tøffe år bak seg med sjukdom og skade.

Tida på 8,38 er ikkje berre ein personleg rekord, det er norsk årsbeste for kvinner senior. I tillegg er dette det sjuande beste resultatet på distansen, i same klasse, nokosinne.

– Det gir ein kjempestor motivasjon til å jobbe vidare å sjå at eg kan faktisk springe på dei tidene der. Eg hadde ikkje drøymt om det før sesongen starta.

Sidan ho starta innandørssesongen har ho slått sin eigen rekord gong på gong. Då innandørssesongen starta var den 8,70. Førre helg persa ho med 8,51. Og no er den altså nede på 8,38. Det betyr mykje for karrieren vidare.

– Eg har ein utandørssesong som no ser ekstremt lovande ut. Eg har eit junior-VM i sommar som eg jobbar mot, og dette løpet har gitt veldig stor motivasjon til å jobbe ekstra hardt for det.

Holmberg siktar mot EM trass skade

Storebror Øyvind Strømmen Kjerpeset sikra ein bronsemedalje på 400 meter, med tida 47,69.

Den andre bronsemedaljen gjekk til tikjemparen Henrik Holmberg frå Vik, i høgdehopp. Han hoppa 1,95 meter.

– Det er alltid kjekt å ta medaljar i NM, seier han.

Henrik Holmberg

KUNNE KLART BETRE: Eit hopp på 1,95 meter gav bronse til Henrik Holmberg under NM i helga, men han meiner han kunne klart betre om han hadde vore heilt skadefri.

Foto: Rune Helle

Sjølv trur han at han kunne gjort det langt betre, men ein skade har skapt trøbbel.

– Eg var utteken på landslaget i nordisk for tre veker sidan og då fekk eg ein strekk, så eg har eigentleg berre jobba for å kome tilbake til NM dei siste tre vekene, og dette er vel mi første høgdeøkt sidan då, så eg må vel seie meg nøgd med det.

Holmberg håpar å vere tilbake i full trening i løpet av neste veke, og det store målet framover er EM i mangekamp til sommaren. Han vedgår at strekken har redusert sjansane, men har trua på at han kan klare det samla poengkravet på 7750 for å nå dit.

Jostein Joshua Fossøy enda på sjuande plass på 60 meter hekk. Eli Anne Dvergsdal frå Jølster, som spring for Gular IL, tok gull på 300 meter.