Hopp til innhold

Her har friidrettsgenet bite seg fast i familien

FLORØ (NRK): I familien Strømmen Kjerpeset kan det til tider bli vel mykje friidrettsprat ...

Øyvind (f.v.), Kristi og Margrete Strømmen Kjerpeset

TALENTRIK FAMILIE: Øyvind, Kristi (midten) og Margrete Strømmen Kjerpeset er på kvar sin plass i satsinga, men at dei satsar, det har alle til felles.

Foto: Rune Fossum / NRK

For tre av fire søsken satsar hardt på sprint. Den fjerde dreiv aktivt med friidrett tidlegare, men gav seg. No står det yngste trekløveret att, Øyvind (24), Kristi (18) og Margrete (14).

– Eg synest det er veldig kjekt at søstrene mine har lyst å satse. Det blir mykje prat om friidrett i heimen, av og til kanskje litt for mykje, humrar Øyvind Strømmen Kjerpeset, som også har funne kjærleiken innanfor sporten.

Han ber det kanskje mest kjende namnet, enn så lenge. Han har fleire NM-medaljar, noregsrekord og gode prestasjonar i EM bak seg. No har han gode håp om å få ein plass i OL, etter to vanskelege år.

Brukar mykje tid på friidrett

I dei vanskelege tidene er søskena der for kvarandre.

– Vi er veldig flinke til å alltid støtte kvarandre gjennom alt. Dei har vore ein veldig stor motivasjon for meg, seier Kristi, som sjølv er på veg opp igjen frå ein tøff periode.

Under Florø Indoor Games i helga sette ho fleire personlege rekordar, og fortalde at den kjensla hadde ho venta på i fem år. No vil ho hevde seg medaljekampen i NM og kjempe i toppen i junior-VM. Og uansett opp- eller nedtur, mykje friidrett blir det.

– Eg trur av og til dei blir litt leie heime. Men det er jo det eg brukar halve tida mi på kvar einaste dag, så då blir det jo til at vi snakkar mykje om det, seier Kristi og ler litt.

Thor Kjerpeset, Vladimir Vukicevic og Øyvind Strømmen Kjerpeset etter 100-meterfinalen

GOD STØTTE I FAR: Thor Kjerpeset (til venstre) har saman med kona Tone Strømmen Kjerpeset, vore ein viktig støttespelar for sonen Øyvind (til høgre) og døtrene.

Foto: Rune Fossum / NRK

Samla i tjukt og tynt

Også minstesøster Margrete har fått etablert ei solid interesse for sprint.

Kor interessa kjem frå treng ho ikkje spekulere lenge på, for i tillegg til søskena har også begge foreldra, Thor Kjerpeset og Tone Strømmen Kjerpeset drive med friidrett. Særleg mor var god i sine yngre dagar.

– Det er vel derifrå ein plass det kjem, seier Margrete.

Den felles interessa skapar også ein felles grobotn for forståing.

– Dei forstår kor store nedturane kan vere, og kor store oppturane kan vere. Heile familien forstår kva eg driv med, seier Kristi.

... men også litt konkurranse

Medan Kristi og Øyvind har sett seg tydelege mål, er Margrete framleis i stuss på kva ho skal satse på. Førebels er det hekk, som søskena, ho meiner ho er best på.

– Kven blir best av dykk?

Eg håpar no blir det meg, seier ho lattermildt, men legg til:

– Men det er no ikkje sikkert. Dei er no veldig flinke begge to.