Roska vil vere levande reklameplakat for bedrifter som vil kjøpe seg inn i namnet hans, og vil tene pengar på å ta bedriftsnamn som mellomnamn.
- Vi tilbyr store bedrifter at vi skifter namn mot betaling. Eg kan f.eks. ta namnet Pål Henrik Roska Chess Danielsen, seier mannen som førebels heiter Pål Henrik Roska Danielsen.
Unik
Lektor på BI, Morten Knudsen, seier ideen er framtidsretta og heilt unik, sjølv om den kanskje strekkjer grensene for langt.
- Det er berre eit tidsspørsmål før fyrstemann gjer dette, og då vil mange følgje etter, seier Knudsen.
Men Knudsen trur dette vil vere ein marknadsføringsmetode berre for enkelte typar bedrifter.
- Mange vil meine at dette er ein idé som går vel langt og kan gå på seriøsiteten laus, men for bedrifter som opererer i ungdomsmarknaden kan slike idear fungere. For marknadsføring handlar om å tøye grenser, seier BI-lektoren.
Tung start
Ideen starta som ei gruppeoppgåve på Vesterdals reklameskule, der Danielsen studerer. Han har alt kontakta fleire bedrifter for å høyre om dei vil kjøpe seg inn i namnet hans, men så langt utan hell. Men sjølv om starten har vore tung, har Roska Danielsen langt frå gitt opp reklameidéen sin.
- Folk har tent pengar på merkelegare ting, seier Danielsen.