Hopp til innhold

Mecom-frykt i Nordfjord-aviser

Det er uro i avisene i fylket som kan bli overtekne av britiske Mecom etter at Lokalavisen Romerike vart lagd ned over natta.

Uro i Nordfjord-aviser
Foto: NRK

Mecom vil kjøpe Orkla Media og dermed 31 norske aviser, mellom dei Nordfjord-avisene Fjordingen og Fjordenes Tidende. Truleg blir kjøpet formelt gjort 13. oktober.

- Tankevekkar

Åge Senneset, som er klubbleiar i Fjordenes Tidende, likar lite måten Mecom handhevar eigarskapen på.

- Slike ting gir oss ein skikkeleg tankevekkar, og det er slikt som i 2006 ikkje skal skje. Vi har organisasjonar som skal bli informerte om at det ligg føre slike planar. Eg synest det er forferdeleg beklageleg at det skjer, og så på dette tidspunktet når Mecon nett skal til å overta, det er heilt hinsides. Dette har vore eit tema blant dei tilsette i Fjordenes Tidende denne veka.

Fryktar langt tøffare tak

Denne veka fekk dei tilsette i Lokalavisen Romerike sjokkmeldinga om at avisa vert lagd ned straks, og det etter berre knappe 11 månaders drift. Avgjerda vart teken over natta, og i avisredaksjonar rundt om fryktar no dei tillitsvalde langt tøffare tak når britiske Mecom er på veg inn på eigarsida.

- Skremmande

- Vi må vere innstilte på at det ikkje blir same prosessane som vi er vande med, her kan ting skje fort, og det er skremmande.

Det seier Harald Vartdal som er tillitsvald i Fjordingen. I fjor hadde avisa hans eit overskot på ein million kroner. Med ein omsetnad på 13 millionar gir det eit resultat på åtte prosent. Og det blir i minste laget når den nye eigaren krev eit reultat på 12-14 prosent.

- Desse prosentane har vore nemnde. Vi er direkte eigde av Sunnmørsposten, og det vi har fått beskjed om er "business as usual". Vi har våre budsjett å halde oss til, og så lenge vi klarar dei så verkar det å vere greitt.  Men vi er ikkje så naive at vi ikkje trur kravet om større inntening vil kome, så det er nok berre ein situasjon vi må avfinne oss med. Det blir knalltøft, det er sikkert.

Også i Fjordenes Tidende vil dei ha problem med klare krava frå den berykta medieinvestoren David Montgomery og Mecom.

- Avisene ligg tett

- Dei seier 12-15 prosent, og vi hadde knappe 11 prosent i fjor, og dei siste 4-5 prosenta kan bli tøffe. Umiddelbart fryktar vi ikkje at noko skal skje med vår arbeidsplass, men signala som kjem med at dei legg ned over natta får oss til å tenkje oss om ein gong til. Det er klart at avisene i Nordfjord ligg tett, både Fjordingen og Fjordenes Tidende ser ut til å bli eigde av Mecom gjennom Sunnmørsposten, og Mecom er og inne på eigarsida i Fjordabladet, så ein kan jo tenke i dei banene.