Hopp til innhold

MDG vil forby vasscooterar

– Det er den mest primitive og nyttelause aktiviteten vi har på kysten og i fjordane. Vi må forby dette, seier Stein Malkenes.

Vannscooter

FRIARE: No er det blitt friare reglar knytt til vasscooter-aktivitet i Noreg. Tidlegare kunne ein mellom anna ikkje køyre nært land.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

– Det er berre eit leiketøy for egoistiske unge mannfolk, seier Stein Malkenes.

Han er førstekandidat til stortingsvalet for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane. Torsdag blei det kjent at vasscooter-forskrifta blir oppheva, og vasscooteren vil frå no av bli stilt på lik line som småbåtar.

Det blei lov å køyre vasscooterar i Noreg i 2013, men det har fram til no vore visse reglar knytt til aktiviteten. Til dømes måtte ein halde seg minst 400 meter frå land. Desse reglane er no oppheva.

– Dette er det mest primitive denne regjeringa har levert, seier Malkenes som vil gå inn for å forby all fritidsbruk av vasscooterar i Noreg.

Stein Malkenes

EGOISTISK: Stein Malkenes i MDG meiner denne aktiviteten er egoistisk, meiningslaus og farleg.

Foto: NRK

– Vi må ta ansvar

Miljøpartiet dei grøne har landsmøte på Lillehammer denne helga, og Malkenes vil bruke høvet til å oppfordre dei andre førstekandidatane til at dei lagar ei valkamp-kampanje for denne saka og løftar den fram som den store symbolsaka til partiet. Og han trur han kjem til å få gjennomslag også i Stortinget etter valet til hausten.

– Når veljarane kastar denne regjeringa ut av fleirtalet og Venstre og KrF får tenkt seg om, så trur eg at eit ansvarleg politisk fleirtal vil støtte eit slik forslag, seier han.

Han meiner vasscooteraktiviteten er farleg for sjøfuglen, at det forureinar og kan føre til alvorlege ulukker. Malkenes seier også at aktiviteten ikkje har nokon nytteeffekt, og berre er destruktiv.

– Dette er racer-scooterar som berre er egna til å herje rundt i skjergarden med utan mål og meining. Vi må ta ansvar og få det stoppa, seier han.