NRK Meny
Normal

Mattilsynet: Fryktar sjukdom frå importert fôr

Mattilsynet fryktar alvorlege dyresjukdomar og ber importørar og bønder unngå å importere frå enkelte land.

Arne Einar Reed

UROA: Svinebonde Arne Einar Reed fryktar at fôrkrisa i Noreg skal føre til dyresjukdomar.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ein varm sommar med lite nedbør har gitt dårleg førsteslått for bøndene. Det er usikkert korleis andreslåtten blir. I går fortalde Anders Kleppe i Stryn at han berre fekk halvparten så mange rundballar som eit vanleg år.

Fleire tusen bønder må truleg skaffe seg fôr frå utlandet. Det får Mattilsynet til å førebu seg på at smittsame sjukdommar kan kome til Noreg.

– Noreg har ein veldig god dyrehelse og få smittsame sjukdommar. Vi ønskjer å halde på den statusen, seier avdelingsdirektør i Mattilsynet Solfrid Åmdal.

Solfrid Åmdal

ÅTVARING: Avdelingsdirektør for planter og dyr i Mattilsynet, Solfrid Åmland, er redd sjukdommar skal følgje med fôr som no kjem inn til landet.

Foto: Stein Anders Larsen/Mattilsynet

Dei har kome med ei åtvaring på kva land bøndene ikkje bør importere fôr frå. Dei peikar spesielt på austeuropeiske land som truande med tanke på sjukdommar.

Svinepest og q-feber er to sjukdommar dei fryktar.

Må passe på

– Faren vil alltid vere der, det seier fôrimportør og bonde Alf Steinhovden.

Sjølv er han ikkje redd for å få sjukdommar blant dyra, men seier alle har eit ansvar for å sikre at ikkje utbrot av ønska sjukdommar skjer.

I vinter måtte han hjelpe norske bønder etter at regnet øydela førre sesong. No ringer telefonen att frå bønder som vil sikre seg fôr før dei går tomme til vinteren.

– Eg vil berre importere frå dei eg kjenner, dei eg har besøkt. Eg vil kjenne til kvar eg hentar fôr frå, seier Steinhovden.

Alf Steinhovden, Vestfor AS

IMPORTØR: Alf Steinhovden importerer fôr til bønder som ikkje klarer å hauste nok fôr. Han ber alle passe på at det ikkje kjem sjukdommar med fôr som no blir importert.

Foto: Bård Siem / NRK

Han reiser no til fleire europeiske land for å gjere seg kjend med nye leverandørar.

Han er redd det vil bli ein del monkey-business framover, og at folk kjøper fôr frå område som Mattilsynet har åtvara mot. Jakta på lågast mogleg pris kan vere årsaka.

– Folk må vere påpasseleg, seier han og trur dei fleste bøndene er opptekne av god kvalitet framfor låg pris.

Dagleg leiar i Fiskå Mølle i Fiskå, Leif Kåre Gjerde, seier dei er varsame når dei skal importere grovfôr frå utlandet.

– Vi undersøker no moglegheita for import av grovfôr frå våre naboland, men det må sjølvsagt skje etter regelverket til Mattilsynet, seier Gjerde.

Begge importørane seier dei framleis ikkje veit kor mykje dei vil importere. Dei ventar for å sjå korleis andreslåtten blir.

– Det er heilt avhengig av korleis vêret blir, seier Steinhovden.

Ku

SVOLTEN: Dagros og gjengen kan gå tomme for fôr i løpet av vinteren dersom ikkje bøndene får tak i nok fôr.

Foto: Ali Akhtar / NRK

Vanskeleg situasjon

– Klart vi er bekymra, seier bonde Arne Einar Reed. Han har både svin og storfe på garden sin på Breim i Gloppen kommune.

Han meiner ein må vere forsiktig med å importere fôr sidan Noreg er skåna for mange sjukdommar. Heller ikkje han klarer seg med det han har hausta så langt, men håpar å klare seg.

Ei frykt er at importert fôr opphavleg kjem frå eit anna land enn kva det blir importert frå, og at sjukdommar på den måten spreier seg.

Frå og med 13. juli er det fri import av høy og halm, eit tiltak regjeringa har sett i verk på grunn av situasjonen.

– Vi fryktar for dyrehelsa og dyrevelferda dersom ein sjukdom kjem til landet, seier Åmland.

Krisa vil vere eit faktum dersom ein må slakte ned buskap, desinfisere og kanskje ha karantenetid på gardar. Elles vil det vere trygt å ete kjøt og mjølk frå dyr som får utanlandsk fôr.

Vegopning på Bergum i Førde kommune