Mattilsynet rår folk ifrå å ete skjel plukka frå fleire stader langs kysten av Noreg. Spesielt sankarar langs Helgelandskysten og Salten i Nord-Noreg blir åtvara mot å plukke blåskjel.
Også Trondheim og Innherred i Midt-Noreg er markert som område der ein ikkje må ete blåskjel.
Forutan Vollen i Asker, er det trygt å ete blåskjel i Stor-Oslo og på Austlandet, medan det blir åtvara mot blåskjel frå Sirdal, Flekkefjord, Sunnfjord og Sogn.
Mattilsynet testar kvar veke blåskjel ved 36 uttaksstader over heile landet. Det skal gjere det trygt å ete blåskjela, og i nyare tid har det ikkje skjedd forgifting hos publikum som har følgt råda frå blåskjelvarselet.
Mattilsynet ber likevel folk vere forsiktige med å sanke og ete skjel dersom råda vekslar frå stad til stad langs same kyststripe.
Blåskjelvarselet til Mattilsynet blir oppdatert kvar fredag og gjeld ei veke fram i tid.