Måtte sette av 17 busspassasjerar

Då turistbussen blei stoppa i ein kontroll, viste det seg at den var om lag 1500 kilo for tung. Dermed måtte 17 passasjerar gå ut.

Svein Ove Salt med utstyret dei brukar når dei sjekkar farten på mopedar og motorsyklar

UTE PÅ KONTROLL: Inspektør Svein Ove Salt i Statens vegvesen seier dei avdekka to sjåførar som hadde kvilt for lite og ein som hadde for mykje last. Men beltebruken var svært bra og dei kontrollerte brukte belte.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det var i overkant av 1500 kilo på ein aksling. Det er sjåføren som bestemmer kva som skal lastast av, og då blei det passasjerar, seier inspektør Svein Ove Salt i Statens vegvesen.

Det var kontrollørar frå trafikkstasjonane i Førde og i Sogndal som hadde stilt seg opp på fylkesveg 60 over Utvikfjellet. Hovudfokuset var kontroll av turistbussar.

Passasjerane i den utanlandske bussen måtte vente medan resten av blei køyrde til Skei.

– Deretter måtte bussen tilbake til Utvikfjellet for å hente dei. Passasjerane forstod problemet og tok det med godt humør. Når dei reiser vidare i morgon, må selskapet skaffe ein ekstra buss for å kunne frakte alle vidare.

I tillegg til at 17 passasjerar måtte gå ut av bussen for at vekta skulle bli lovleg, vanka det også 7850 kroner i gebyr for overlasta.

Fare i trafikken

Tidlegare denne veka måtte ein busslast med franskmenn avslutte noregsturen med «følgjebil». For under ein kontroll blei det avdekka at bussen var 400 kilo for tung. Dermed valde guiden å sende bagasjen vidare med drosje.

– Kva tenkjer du om at det har vore to slike tilfelle med overlast på kort tid?

– Eg tenkjer dei kjøper rimlege bussar som ikkje er berekna til å gå denne typen trafikk, og dei får ein stor konkurransefordel samanlikna med dei som køyre lovleg. Det er viktig at alle selskap har like konkurransevilkår.

Han seier det er farleg å ha for mykje last når ein køyer.

– Alle køyretøy har bremser for å klare å stoppe ved den lovlege vekta. Er ho over, har dei ikkje lenger bremser til å stoppe. Dette utgjer stor trafikkfare.

Salt trur kontrollørane også det blir ein del å ta tak i vidare utover i turistsesongen.

– Vi ventar at det blir slik som no, med at folk ikkje har kvilt nok eller har overlast. Dette er viktig å ta tak i, for dette kan gå utover trafikktryggleiken, seier Salt.

Hadde ikkje kvilt nok

I løpet av kontrollen i dag, viste det seg også at føraren av ein annan utanlandsk turbuss ikkje hadde overhalde reglane for køyre- og kviletid. Sjåføren blei pålagd 45 timar vekekvile før han fekk køyre vidare.

– Turistane måtte fraktast vidare med ein annan buss, seier Salt.

Ein annan førar fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletid, ein mangla førarrett på køyretøyet han køyrde, og tre køyretøy fekk skriftlege manglar. Men beltebruken var svært bra, og dei kontrollerte brukte belte, opplyser vegvesenet.