Hopp til innhold

Her kan familiebilen bli ståande utan vegsamband i minst eitt år

Då Cecilie Thaule Løvlid var på juleferie i Hornindal, rekna ho det som sjølvsagt å få med seg begge bilane heim att. Uveret «Dagmar» ville det annleis.

Otterdal i Hornindal.

MÅ STÅ: På denne garden må den eine av familien Thaule Løvlid sine bilar stå det neste året.

Foto: Privat

Julefeiringa vart heilt annleis enn trebarnsfamilien frå Sogndal hadde tenkt seg. Første juledag reiste Cecilie Thaule Løvlid og familien på juleselskap hos svigerforeldra på Lødemel.

Attende på garden i Otterdal stod den eldste familiebilen. Der står den framleis.

– Den står att på ein låve i Otterdalen og ventar på ny veg. Når enn den vil komme, seier ho.

«Vi blir her»

Medan familien var på julebesøk, feia uveret «Dagmar» over Vestlandet. I Hornindal tok det ikkje berre tre, straumleidningar, straum og telefon. Det sopa også med seg nær to kilometer av vegsambandet til den vesle grenda på nordsida av Hornindalsvatnet.

Svigerforeldra til Thaule Løvlid eig gard i Otterdal, som familien disponerte i romjula.

– Utover kvelden bles det til og straumen gjekk. Svigermor meinte at vi burde bli verande der, men mannen min ville gjerne ut att til Otterdal. Eg sa «nei, no blir vi her», fortel ho.

– Vart verre og verre

Etter å ha overnatta hos svigerforeldra tok Cecilie, Roger og borna Marianne, Martin og Anders til på turen ut attende til Otterdal andre juledag. Dei oppdaga raskt at her var det uråd å ta seg fram med bil.

Vegen til Otterdal vart vaska vekk 1. juledag 2011.

STORE SKADER: Vegen til Otterdal vart vaska vekk.

Foto: Privat

– Då vi kom utover stranda, så var det ikkje mykje veg att. Vi gjekk utover stranda og det vart berre verre og verre. Vi bestemte oss for å ta bagasjen med og reise attende til svigerforeldra, seier ho og er glad for at dei hadde med seg to bilar på turen frå Sogndal til Hornindal.

Og ikkje minst glad for at den eine bilen stod på rett side av den utvaska vegen.

– Byr på utfordringar

Statens vegvesen reknar med at det kan gå over eitt år før bygda igjen har vegsamband.

Thaule Løvlid meiner at dei enn så lenge klarer seg med berre ein bil. Ektemannen Roger Løvlid jobbar i Sogndal, medan ho kan nytte bilen til og frå arbeid i Luster.

– No har vi ein bil. Det går greitt med litt planlegging, men med ungdomar med lappen i hus så blir kvardagen lettare med to bilar, seier ho.

Reiser frå Otterdal.

PAKKA: Andre juledag fann familien Thaule Løvlid det best å pakk sakene og reise frå Otterdal.

Foto: Privat