Hopp til innhold

Bur seg på vanskeleg vegdebatt

Framstegspartiet er truleg åleine i ynskjet om ein debatt kring betalt flytting frå Otterdal i Hornindal.

Fylkespolitikarane har ein vanskeleg debatt framføre seg.

VANSKELEG: I april tek Frank Willy Djuvik (t.v.), Åshild Kjelsnes og resten av fylkestinget den vanskelege debatten om vegsamband til Otterdal.

Foto: Fotomontasje

Den vesle grenda vart veglause i romjula då stormen «Dagmar» vaska vekk 1,7 kilometer veg på nordsida av Hornindalsvatnet.

Mellom alternativa er ny veg, eller ein tunnel til 230 millionar kroner. Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, meiner dei også har eit anna reelt alternativ som bør drøftast.

– Dersom det blir så store kostnader på så få innbyggjarar, så bør vi også vurdere om det skal ytast ein kompensasjon rett og slett for at folk skal få moglegheita til å flytte derifrå, seier Djuvik.

Vurderer alternativa

Det er ikkje første gong utspelet kjem. Same framlegg kom også frå same fylkesleiar like før jul. Då i samband med bygder isolerte av ras.

Jørn Nesdal (i midten) fraktar Inge Løvlid og Pernille Tomasgard over Hornindalsvatnet.

TRANSPORT: I dag kjem innbyggjarane seg fram og tilbake med båt.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Statens vegvesen er i gong med å greie ut alternativa for å gje grenda med 13 innbyggjarar veg att. Sjølv ynskjer innbyggjarane tunnel.

– Eg meiner absolutt at ei kompensasjon må vurderast frå vegvesen og fylkeskommunen si side, seier Djuvik.

– Skal reparerast

No, som før jul, møter Djuvik motbør. Verken Senterpartiet, Ap eller Høgre støttar opp om ei slik kompensasjonsordning.

– Sklir ein veg ut, eller det går ras, så må ein ha som prinsipp at det skal reparerast. Senterpartiet vil ikkje vere med på å tvangsflytte folk, seier Jenny Følling (Sp).

Nei frå Høgre

– Det er rimeleg dramatisk å seie at ein skal flytte ei bygd, legg fylkesordførar og regjeringskollega i Ap, Åshild Kjelsnes til.

I samferdsleutvalet sit Olin Henden (H). Ho seier heller ikkje Høgre er positive til å betale folk for å flytte frå bygda.

Vegen til Otterdal er vaska vekk

VASKA UT: Nær to kilometer av vegen til Otterdal vart vaska på Hornindalsvatnet.

Foto: Bjørn Lødemel

Både Kjelsnes, Henden og Følling er klar på kvar pengane til tunnel eller ny veg skal hentast.

– Vi avheng av at staten stiller opp no, seier Henden.

Vanskeleg avgjerd

Fylkestinget i April vert ein merkedag for dei 13 innbyggjarane i Otterdal. Då skal den vanskelege debatten takast på fylkestinget.

Djuvik trur det blir ei svært vanskeleg avgjerd for politikarane.

– Fordi at når vi snakkar om så få menneske, så snakkar ein også om enkeltskjebner. Då blir debatten dertil vanskeleg, seier han.