Hopp til innhold

Måtte evakuere for monstersyklon

Student Bjørnar Hauge frå Sandane er ein av mange nordmenn som no blir evakuerte i Australia. Ved midnatt er det venta at syklonen «Yasi» vil råke landet med full styrke.

Bjørnar Hauge måtte evakuere for monstersyklon

EVAKUERT: Bjørnar Hauge frå Sandane er student i Cairns. I natt måtte han evakuere til eit kjøpesenter i påvente av at ein monstersyklon skal råke Australia.

Foto: Privat

Titusenvis av menneske er evakuerte frå sine heimane sine i Queensland i Australia idet syklonen «Yasi» er i ferd med å slå innover land.

Styresmaktene fryktar den verste stormen i manns minne.

Evakuert med fleire tusen andre

Inne på eit kjøpesenter i Cairns sit no studenten Bjørnar Hauge, der han ventar på at monstersyklonen skal råke med full kraft om nokre timar.

- Vi fekk melding om at skulen ville bli stengd grunna syklonvarsel. No er syklonen oppgradert frå kategori tre, via fire til fem - og for å seie det sånn: Det finst ikkje kategori seks. Dette skal visstnok bli den største syklonen i manns minne, seier Hauge til NRK.no.

- No er eg evakuert til eit kjøpemsenter saman med fleire tusen andre innbyggjarar, fortel Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Folk i Queensland gjør seg klare til syklonen Yasi

EVAKUERER: Folk i Queensland gjer seg klare for syklonen 'Yasi'.

Foto: STEWART MCLEAN / Afp

- Verkar som kontroll på situasjonen

«Yasi» vart i natt oppgradert til en kategori fem-storm. Det er det kraftigaste på storm-skalaen, og like kraftig som orkanen Katrina - som øydela delar av New Orleans i 2005.

Ved midnatt lokal tid er det venta at ein syklon i styrke fem vil treffe Australia.

- Eg har ikkje vore borti noko slikt før, so no er eg mest nysgjerrig på korleis ein syklon er. Så spørst det om eg er like nysgjerrig etterpå, seier Hauge.

- Akkurat no verkar det som om det er god kontroll på situasjonen her. Det går nok bra, reknar eg med, seier han.

Tek det førebels med stoisk ro

Hauge fekk melding om å evakuere klokka seks i dag tidleg. Då vart syklonen oppgradert frå klasse fire til fem.

Syklonen Yasi
Foto: Reuters

No har han med seg naudrasjonar for 24 timar. Han rapporterer om ei positiv stemning på kjøpesenteret, der dei syng og spelar på improviserte instrument som flasker og bossbøtter.

- Eg reknar med at folk heime er meir uroa enn det eg er, seier Hauge.