Hopp til innhold

Masseslagsmål i Sogndal sentrum

Politi og ambulanse rykte ut til melding om at fleire personar var involvert i eit slagsmål i Sogndal sentrum, natt til søndag. Slik var natta for politiet.

Masseslagsmål

– Dei første meldingane gjekk på at det var eit masseslagsmål, men då politiet kom fram viste det seg at det var fire personar som slåst. Dei andre som var der prøvde å roa ned partane, seier Bengt Næss, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Florø.

Slåstinga i Sogndal sentrum og dei fire slåstkjempene skal alle vera født på 1990-talet.

– Dei roa seg fort då politiet kom fram og vart sendt kvart til sitt etterpå, seier Næss.

Hektisk natt

Og spreidd utover heile fylket, så skjedde det ein god del for politiet, som det pleier å gjera natt til søndag.

  • 22.52 – Florø: Ein rusa person vart hanka inn av politiet etter å ha bråka, men vart seinare på natta dimittert.
  • 00:00 – Måløy: Politiet måtte reise ut å få roa ned ein fest, etter at det vart meldt om høg musikk og mykje støy.
  • 00.44 – Olden: Melding om husbråk, men då politiet kom fram hadde partane roa seg.
  • 02.06 – Florø: Ei full kvinne hadde sovna ut, men politiet tok hand om ho og fekk køyrd ho heim.
  • 02.23 – Nordfjordeid: Ein person måtte å tilsyn frå helse etter bråk på ein utestad. Politiet melder at dei vil følge opp saka.
  • 02.29 – Måløy: Nok ein sovande person, denne gongen i Måløy. Vart funnen på fortau, men kvikna til då politiet kom til staden.
  • 02.45 – Førde: Ein mann i 20-åra hadde blåseprøve som gav utslag på promille. Vart tatt med til blodprøvetaking.
  • 05.30 – Førde: Ein mann i 20-åra vart arrestert grunna bråk og for høg promille.