Heikki Holmås. Foto Scanpix.
Saka har engasjert mange. No vil arbeidspolitisk talsmann for SV, Heikki Holmås, ta opp problemet med arbeidsminister Dagfinn Høybråten i spørjetimen på Stortinget neste onsdag.
- Eg vil at vi får vite om arbeidsministeren vil gjere det lettare å kombinere dagpengar med utdanning slik at folk lettare kjem seg i jobb, seier Holmås.
Studier straffar seg
Markus Hauge har fått erfare at leselyst kan straffe seg. Han kom nett ut frå militæret, og har dermed krav på dagpengar. Med politihøgskulen som neste mål ville 21-åringen ta oppatt to fag frå vidaregåande for å betre sjansane sine.
Men Aetat var krystallklare - tek du eksamenane, misser du dagpengane. Det har ikkje Markus Hauge råd til, sidan han har fått nei på alle søknader om deltidsjobb i Florø.
Dermed går eksamenane i mai i vasken, og han må vente eitt ekstra år på å søke seg til høgskule.
At Aetat sine reglar er så strenge for å unngå trygdemisbruk er ei fattig trøyst.
- Det er bittert at det er slik, at det skal løne seg å ikkje gjere ein skit, seier Markus Hauge.
Rune Skjælaaen. Foto Berit Roald SCANPIX
Opprørt
- Dette opprører meg, seier Rune Skjælaaen frå Senterpartiet, som sit i utdanningskomiteen på Stortinget. Han vil også ta dette opp med Høybråten.
- Eg vil skrive eit brev til statsråden slik at vi får eit svar på korleis dette heng saman. Så vil vi avvente dei svara vi får frå statsråden, seier Skjælaaen.
Framleis von
Om dette gir von for Markus Hauge er uvisst. Men Heikki Holmås er ikkje i tvil om at Høybråten kan berge utdanningsplanane til den unge mannen frå Florø.
- Det fins ingen grenser for kor kjapt ein statsråd kan bevege seg i svingane, så eg vonar at dette går.