– Eg er veldig fornøgd. Det var veldig varmt, men heldigvis hadde eg medvind, seier Vedvik.
Rekorden vart godt motteken av publikum, som jubla og heia Vedvik til mål.
– Det gjekk greitt i 5-6 km. Då måtte eg begynne å jobbe med meg sjølv, seier Vedvik.
Sola tok på
Dei totalt 375 startande under Jølster Maraton måtte verkeleg hente fram uante krefter i den steikande sommarsola.
Vinnaren på den fulle maratondistansen, Sverre Gunnar Brunstad, var ein av dei som såg ut til å gå lengst i kjellaren. Etter målgang vart han liggjande i graset, medan trenaren spylte han med ein hageslange.
Vedvang sette pris på støtta frå publikum, noko som bidrog til å klare å tyne ut dei siste kreftene.
– Det var masse folk den siste kilometeren så eg måtte verkeleg ta meg saman. Spesielt kjekt var det at mykje familie hadde møtt opp for å heie på meg.
Lovar godt for resten av sesongen
I rundt 20 grader og lett vind låg alt til rette for at han skulle ta sin eigen rekord på 30.53 som han sette for tre år sidan. Noko som var målet før start.
– Eg håpte å klare det under 30 minutt, men såg kanskje for meg ei tida på 29.40. Så tida 29.33 er eg fornøgd med.
Med sigeren er han i rute for 5000 meter i Belgia 18. juni.
– No er eg klar for det. Eg spring den første femkilometeren eit halvt minutt raskare enn på sist løp, seier Vedvik.