– Minibussen stod på ei busslomme då føraren starta på ein u-sving. Ein personbil som kom frå Sogn har køyrt inn i denne bussen, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes hjå politiet.
Det er ved avkøyringa til Bøyum i Fjærland at ulukka skjedde.
Ifølge vitne på staden som har snakka med NRK sin utsende fotograf, var minibussen ein leigebil. Om bord var utlendingar. Dei skulle eigentleg til Lærdal.
I bilen som kom frå Sogn sat ein mann i ein norskregistrert bil.
– Mannen er so pass hardt skada at han er sendt med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde, seier Hatlenes.
Politiet melde på Twitter at det var store skader på den eine bilen og at ulukka skjedde i eit vegkryss.
Bilen med mannen som kom køyrande frå Sogn landa på ei mark utanfor vegen.
– Det har vore store krefter i sving, seier operasjonsleiaren.
Ifølge AMK er mannen sendt til traumemottaket ved sentralsjukehuset.
Førarkortet til føraren av minibussen vart kverrsett på staden. Han vil bli følgt opp av politiet.
– I minibussen var turistar frå India, seier operasjonsleiar Hatlenes.
Ingen av dei vart fysisk skada.
Det vart kalla ut to bilbergarar til staden.