Mann slått ned i Sogn

Politiet har pågripe ein person etter at ein mann blei slått ned i Sogndal.

Laster kart, vennligst vent...

TIL SJUKEHUS: Ein mann er sendt til Førde sentralsjukehus etter ei hending i Sogndal.

Natt til laurdag kl. 02.30 fekk politiet melding om at ein mann var slått ned ved utestaden Meieriet i Sogndal sentrum.

Mannen blei sendt til Førde sentralsjukehus etter hendinga.

– Han er lettare skadd, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Bergen, Morten Rebnord til NRK.

Politiet har pågripe ein person for valdsepisoden.

– Dei involverte er unge menn i 20-åra. Vi veit førebels lite om hendinga, seier Rebnord.

Den mistenkte blei tatt med til avhøyr.

Laster Twitter-innhold