Hopp til innhold

Mann fall over bord – to born er berga på land

DALE (NRK): Ein mann i 40-åra er sakna etter at han fall over bord frå ein båt utanfor Bjerganeset ved Dale i Fjaler. To mindreårige born, som var i båten saman med han, er tekne hand om av familie.

Det føregår ein stor leiteaksjon etter at ein mann fall over bord frå ein fritidsbåt utanfor Dale i Fjaler.

SJÅ VIDEO: Det vart sett i gang ein stor leiteaksjon etter at ein mann fall over bord frå ein fritidsbåt utanfor Dale i Fjaler. (FOTO: ARNE STUBHAUG/NRK)

Familiefaren fall over bord frå ein fritidsbåt.

– Omstenda rundt ulukka er førebels uklare, men mannen var i båten med sine to born då han fall over bord og vart borte, seier innsatsleiar for politiet, Øystein Russenes.

Set kriseteam

Leiteaksjon i Dalsfjorden
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ulukka skjedde kring 200 meter frå land, mellom Holmen og Bjerganeset. Dykkarar, fleire småbåtar, redningsskøyta og helikopter deltok i søket.

Dei to mindreårige borna kom frå hendinga utan fysiske skader. Dei er tekne hand om av familie og eit kommunalt kriseteam.

– Vi er i tett dialog med politiet og vårt psykososiale kriseteam prøver å følgje opp dei pårørande og involverte, seier Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang.

Ho synest det er rørande å sjå at så mange i lokalsamfunnet stiller opp for å hjelpe til.

– Korleis pregar ei slik hending kommunen?

– Det er frykteleg når slikt skjer, og vi blir alle råka. Men for oss er det viktig å ta så godt vare på dei involverte som mogleg. Vi tenkjer først og fremst på dei.

Stor leiteaksjon

Leiteaksjon/redningsaksjon etter mann over bord i Dalsfjorden

SMÅBÅTAR: Mange småbåtar deltek i søket etter den sakna mannen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I 14.30-tida vart helikoptersøket avslutta, medan strandsøk og overflatesøk held fram. Røde Kors stiller med båt og vasskuter, og Sivilforsvaret er sett inn i søket. Redningsskøytene Simrad Buholmen og Utvær deltek i søket.

Eit augevitne til leiteaksjonen fortalde i 13-tida om stor aktivitet på fjorden.

– Eg tel i alle fall seks småbåtar, i tillegg til ambulansebåten og ein vasskuter som var her i stad. Det er også to helikopter her, der eine søkjer over fjorden, fortel ho.

innsatsleiar for politiet, Øystein Russenes.

Innsatsleiar for politiet, Øystein Russenes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Politiet reknar det som lite truleg at mannen har kome seg på land sjølv.

– Vi har vitne som har forklart at dei såg mannen gå under vatnet utan å kome opp att, seier Russenes.

Oversiktleg område

Det var eit augevitne på land melde frå til politiet om ulukka. Dei varsla igjen Hovudredningssentralen på Sola. Det er dei som koordinerer søket.

Redningsinspektør Ståle Jamtli fortel at søkeområdet er oversiktleg.

– Det er inne i ein fjord, så det er ikkje eit stort område. Søkeforholda er relativt gode, vêret er greitt i høve til søk og det er grei sikt på staden, seier Jamtli.

Utover torsdag ettermiddag blir søkt på begge sider av Dalsøyna og innover mot Dale. I tillegg blir det søkt utover Dalsfjorden. Søket held fram til det blir mørkt.

Øystein Russenes

HELD FRAM SØKET: Innsatsleiar for politiet, Øystein Russenes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Søker under vatn

Torsdag kveld opplyser Per Algrøy i Vest politidistrikt at leitemannskap er i gang med å søke under vatn.

– Vi nyttar undervassfartøy som eignar seg for søk under vassoverflata, fortel han til NRK.

Ifølge Algrøy skjer dette parallelt med søk på land og i vassoverflata.

Politiet kjenner identiteten til mannen, men går ikkje ut med namn før pårørande er varsla.

– I morgontimane går søket over til å vere søk etter antatt omkomen, avsluttar han.

Leiteaksjon