Hopp til innhold

Mann sakna etter trafikkuhell på laurdag

Politiet og Norske Redningshundar avslutta søket etter den sakna 30-åringen klokka eitt i natt, utan spor. Mannen vart sist observert gåande vekk frå eit trafikkuhell i Gloppen natt til laurdag.

Leiteaksjon Gloppen

KOMMANDOBIL: Politiet styrer leiteaksjonen frå denne bilen i Gloppen, men det er fire patruljar frå Norske redningshundar som står for sjølve leitinga.

Foto: Runar Sandnes

– Det var to i bilen og vedkomande som er sakna var sett gåande vekk i lag med den andre personen, seier operasjonsleiar Olaug Holme.

Politiet fekk melding om utforkøyringa ved Øvreset-svingen som er på veg mot Utvikfjellet, klokka eitt natt til laurdag 8. november. Då politiet kom til staden var bilen forlaten. Politiet fekk etter kvart kontakt med den eine av dei to, som vart teken inn for blodprøve.

– Har forsvinninga samanheng med trafikkuhellet som vart meldt?

– Det har vi ikkje informasjon om, men vi har ikkje klart å komme i kontakt med vedkommande, og det har heller ikkje familien, seier Holme.

Politiet søkte i går kveld og i natt etter den sakna mannen. Leiteaksjonen var konsentrert rundt området mannen sist vart observert.

– Vi vil søke i området rundt Breim i kveld og i natt, på nordsida av E39, sa operasjonsleiar hjå politiet, Kjetil Drange, til NRK i går.

Politiet ber om tips i saka. Telefonnummer er 02800.

gloppen