Kritisk til klarsynt: – Det er meir snakk om detektivarbeid enn om overnaturlege evner

Forfattar og kritikar av alternativbevegelsen, Gunnar Tjomlid, er grunnleggande skeptisk til personar som hevdar dei er klarsynte.

Gunnar R. Tjomlid

SKEPTIKAR: Bloggar og forfattar Gunnar R. Tjomlid (innfelt) meiner klarsynte Michael Winger er så vag i det han kjem med at ingen kan ta han på noko.

– Ein gong i ny og ne kjem dei med tips som tilfeldigvis fell saman med funnstaden, og så blir det brukt som bevis for at det er snakk om ein klarsynt, seier Tjomlid.

Torsdag blei den sakna 35 år gamle Per-Arne Hestenes frå Breim funnen omkomen. Han hadde då vore sakna i nær ein månad. Mannen blei funnen i eit område 600 meter over havet, og langt frå det området det har vore leita i under leiing av politiet.

Hestenes blei funnen i nærleiken av eit område som ein sjølverklært klarsynt hadde peika ut.

– Den klarsynte var avgjerande

Hans Andenæs som er ven av familien og var med på leitinga, seier Hestenes ikkje hadde blitt funnen utan hjelp.

– Området ligg så pass langt utanom det primære området rundt ulukkesstaden, og ligg heller ikkje langs noko veg som vi første omgang kunne tenkt at han hadde gått. Vi hadde nok aldri søkt i området der utan råd frå han, seier han.

Ville hjelpe familien

Michael Winger

PEIKA UT RETT OMRÅDE: Michael Winger.

Foto: privat

Michael Winger blei kontakta for to veker sidan. Han tok på seg å prøve å hjelpe til i leitinga.

– På førehand sende eg ein mail til familien og sa kvar eg trudde han var. Men eg ville gjerne ta ein tur sjølv fordi eg trengde å vere i området for å vere meir sikker på retningar.

– Var du då informert om kvar det hadde blitt leita?

– Ikkje før eg sende av garde informasjonen min. Og det var litt artig i ettertid å sjå at alle hadde leita i motsett retning av det eg trudde.

– Irritert og skuffa

Sist helg reiste Winger til Breim. Laurdag gjekk han i den retninga han meinte Hestenes hadde gått, og søndag leita han der han meinte han var, men utan å finne han.

– Eg vart irritert og skuffa, for eg trudde eg skulle finne han, eg følte at eg var i nærleiken. Eg var irritert fordi eg trudde eg skulle kunne gje familien svar der og då.

Då han kom heim sende han eit meir detaljert kart der han hadde ringa inn eit område på 350 gonger 300 meter. Torsdag hadde snøen smelta vekk, og det blei leita i dette området, men framleis utan å finne noko.

Dei var i ferd med å gje opp, då Winger via telefon bad dei gå i ein spesiell retning utanom den oppteikna sirkelen. Då vart den omkomne funnen, om lag 200 meter utanom sirkelen.

– Feil å ta pengar

Sjølv forklarar Michael Winger at han på ein måte får tak i dei minna Hestenes hadde. Og han presiserer at han ikkje tek seg betalt for å finne sakna personar.

– Eg har følt at det er feil å ta pengar for det. Hadde eg vore ein privatetterforskar som vart leigd inn så hadde eg vel kosta ein god del. Men eg er ikkje privatetterforskar, eg er berre ein frivillig som har lyst å hjelpe til med dei eigenskapane eg har.

Michael Winger har vore involvert i funn av to andre døde personar tidlegare. I det eine tilfellet laga TV2 ein dokumentar. I etterkant blei det ein debatt om det var klarsynte evner eller ikkje som førte til at Håkon Andersen vart funnen død i Aremark i Østfold.

– Bløffmakar

I ein blogg har forfattar Gunnar Tjomlid hevda at Winger er ein bløffmakar.

Gunnar R. Tjomlid

– IKKJE KLARSYN: Gunnar Tjomlid.

Foto: privat

– Winger er taktisk smartare enn dei andre såkalla klarsynte, skriv han. I staden for å gje spesifikke opplysingar som raskt kan sjekkast ut, er Winger så vag i det han kjem med at ingen kan ta han på noko, hevdar Tjomlid.

Til NRK seier Tjomlid at det i veldig mange saker med sakna personar kjem sjølverklært klarsynte på bana.

– Det kan vere fleire titals personar, og det aller meste er feil. Ein gong i ny og ne kjem dei med tips som tilfeldigvis fell saman med funnstaden, og så blir det brukt som bevis for at det er snakk om ein klarsynt.

Han meiner det er meir snakk om reint detektivarbeid enn om overnaturlege evner. Han avviser kontant at nokon kan ha slike evner.

Forstår skepsis

Men Per-Arne Hestenes vart altså funnen, om ikkje i den sirkelen Winger hadde teikna på kartet, så iallfall nokså nær. Og då er spørsmålet: Er det fordi Michael Winger er klarsynt, eller er det fordi han er taktisk og analytisk flink til å peike ut det rette området etter at det har vore leitt grundig og systematisk i andre område?

Sjølv forstår Winger at folk er skeptiske.

– Eg hadde vel ikkje trudd på det sjølv om eg ikkje hadde opplevd det.

Om Tjomlid seier han berre at han må få lov til å tru det han vil.