Hopp til innhold

Mann i 50-åra sikta for valdtekt av russejente i Magaluf

Mannen i 50-åra frå Sogn og Fjordane som har sete fengsla i Spania sidan torsdag, er sikta for valdtekt av ei norsk russejente. Mannen var med som følgje på russetur.

Partygata Punta Ballena i Magaluf.

VAR HER: Mannen i 50-åra blei arrestert i den spanske byen Magaluf.

Foto: Morten Opedal / Sjømannskirken

Spansk rett vil lauslate mannen mot kausjon i dag.

– Mannen er sikta for antatt valdtekt mot ei ung kvinne.

Det stadfestar presseoffiser Agnés Antich Andreu på pressekontoret til påtalemakta på Balearene, til NRK Sogn og Fjordane.

Søndag fortalde NRK at ein mann i 50-åra frå Sogn og Fjordane er arrestert i Spania etter ei alvorleg hending på russetur til Mallorca.

Hendinga skal ha skjedd på Mallorca torsdag. To russekull frå vidaregåande skular i fylket var på felles russetur på den spanske ferieøya. Mannen skal ha vore med som følgje for ungdommane.

No stadfestar spansk påtalemakt på øygruppa Balearene, som Mallorca er ein del av, at mannen er sikta for antatt valdtekt.

– Eg kan ikkje gå inn på detaljane i siktinga. Vi kan heller ikkje gå i detaljar rundt fornærma i saka, seier Andreu.

Mannen vart fengsla torsdag, og framstilt for retten i Palma de Mallorca. Der vart han varetektsfengsla mot kausjon, ifølge Andreu.

Blir lauslaten

Mannen i 50-åra vil bli lauslaten mot kausjon tysdag.

– Han sit i varetekt no, men vil bli sleppt fri om få timar, sa Andreu til NRK i 13-tida tysdag.

Ho stadfestar at mannen kan reise til Noreg om han vil.

– Mannen er fri til gå. Men om påtalemakta ønsker å snakke med han, må han tilbake til Spania, seier presseoffiseren.

– Vi har ikkje beslaglagt mannen sitt pass, skriv Andreu i ein e-post til NRK.

Mannen vart varetektsfengsla mot ein kausjon på 9000 euro, som svarar til 85 000 norske kroner. Summen skal ifølge Andreu vere betalt inn tysdag føremiddag.

– Etterforskinga vil halde fram. Det kan ta månadar, kanskje eit halvt år, seier Andreu til NRK.

Ingen aksjon

Regionlensmannen i det aktuelle området mannen er heimehøyrande, seier politiet i Noreg ikkje kjem til å gjere noko om mannen kjem til landet.

– Vi har ingen grunn til å arrestere han om han landar i Noreg. Vi må ha meir dokumentasjon eller få ein førespurnad frå Spania, seier lensmannen.

Kripos sende tysdag morgon ein førespurnad til spansk politi om informasjon i saka.

NRK kjenner til at hjelpeapparata er sett i verk hjå begge dei vidaregåande skulane russekulla kjem frå.