Hopp til innhold

Manglar vitneavhøyr av passasjerar på ulukkesbåten

Politiet kan enno ikkje seie noko sikkert om årsaka til ulukka med rib-båt i Olden onsdag, seier politibetjent Tor Egedal ved Stryn lensmannskontor.

Rib-båtulukke i Olden

EIN OMKOM I ULUKKA: Den 57 år gamle føraren av rib-båten vart send med Luftambulansen til Førde Sentralsjukehus, der han døydde i går.

Foto: Joar ødegård

Enno manglar politiet vitneavhøyr av nokre av passasjerane på ulukkesbåten. Det var i alt ni passasjerar i tillegg til den 57 år gamle båtføraren, som i går døydde på Førde Sentralsjukehus.

– Det som står att for å få full klarheit i det som skjedde er at vi må kome i kontakt med og avhøyre nokre av dei utanlandske passasjerane på rib-båten. Vi har innhenta ein del opplysingar, men det er for tidleg å seie noko om årsaka, seier Egedal.

– Kva gjer de av tekniske undersøkingar av båten?

– Torsdag fekk vi bistand av to personar frå Sjøfartsdirektoratet si avdeling i Florø. Dei gjekk gjennom det tekniske med båt og utstyr. Vi får ein rapport frå dei, før vi får den kan vi ikkje seie noko.

– Eit mysterium

Han har ikkje noko forklaring på at føraren sokk, trass i at han hadde flytevest på seg.

– Det er framleis eit mysterium at han ikkje flaut. Vi har sikra oss vesten, slik at den kan undersøkast.

Egedal trur etterforskinga ikkje kjem til å ta særleg lang tid.