Hopp til innhold

Ribbåt-føraren omkom etter ulukka i Olden

Føraren av ribbåten som var involvert i ei ulukke i Olden i går, døydde torsdag av skadane han fekk.

Ulukke i Olden

FØRSTEHJELP PÅ KAIA: Etter at Frode Briksdal hadde fått 57-åringen til land vart han teken hand om av av ambulansepersonell til Luftambulansen nådde fram.

Foto: Jogeir M. Agjeld

Det opplyser politiet torsdag kveld. Ifølgje avisa Fjordingen blei dødsfallet stadfesta ved 13-tida torsdag.

Tidlegare i dag fortalde leiar Frode Briksdal i Briksdal Adventure til NRK at han er svært prega av ulukka med rib-båten i Olden i går. Han stupte sjølv i sjøen for å berge kollegaen som då låg fleire meter under overflata.

– Dette var ei veldig tragisk ulukke. Vi er som eit spørsmålsteikn om kvifor dette skjedde. Båten er i teknisk god stand, utan feil. Føraren, ein 57 år gamal mann frå distriktet, var svært røynd. Han var kaptein på eit større fartøy til dagleg, og han har køyrt rib-båt i mange år, sa Briksdal dagen etter ulukka.

Ulukka skjedde rett utanfor cruisekaia i Olden. Frode Briksdal kom til staden med den andre rib-båten til selskapet kort tid etter. Då var alt to båtar frå dei to cruiseskipa på staden.

– Ein person symde til land sjølv, eg plukka ein annan opp i rib-båten. Så vart eg klar over at folk peika ned i sjøen, og eg skimta ein gul-oransje dress heilt i det vage nedi sjøen.

– Beit tennene saman

Han vrengde av seg jakka si og stupte uti.

– Eg var då klar over at det var vår førar. Eg var på veg nedover ein gong og nådde ikkje ned, eg var nesten oppe igjen i overflata, så beit eg tennene saman og snudde nedatt. Då fekk eg tak i han og fekk han med meg eit stykke.

Men så miste han taket i kollegaen og måtte nok ein gond snu nedover utan å ha vore til overflata.

– Då fekk eg han med meg opp.

Dei fekk mannen til land, der det vart starta førstehjelp fram til Luftambulansen kom frå Førde. I kveld blir det altså stadfesta av politiet at mannen døydde av skadane han fekk.

Luftambulansen over Olden

PÅ VEG TIL FØRDE: Luftambulansen har teke av frå kaia i Olden.

Foto: Jogeir M. Agjeld

Flytevesten skal undersøkast

57-åringen hadde flytevest, men hamna likevel under vatn. No skal vesten undersøkast, seier Briksdal. Heile ulukka er eit mysterium for han.

– Det er klart at båten har svinga på ein eller annan måte slik at to passasjerar og føraren fall over bord.

Det var i alt ni passasjerar i båten.

Operasjonsleiar Kjetil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier at vitne fortel om at båten aksellererte veldig brått ut frå kaia, og at det var då dei tra fall ut. Statens Havarikommisjon vurderer no om dei skal inn og granske ulukka.

Held fram med rib-turar

Briksdal Adventure kjem ikkje til å slutte med turane med rib-båtane på grunn av ulukka, seier Frode Briksdal.

– Vi vil heilt klart halde fram når ein har funne årsaka, og vi har fått ein konklusjon på det. No har vi køyrt rib-båt i selskapet sidan 2008, og vi har køyrt skadefritt heile tida fram til gårsdagen. Det er ikkje nokon grunn til at vi ikkje skal halde fram med den aktiviteten.