Hopp til innhold

57-åring kritisk skadd etter fall frå rib-båt

Ein 57 år gammal mann er kritisk skadd og får intensivbehandling ved Førde sentralsjukehus etter ei ulukke med ein rib-båt i Olden.

Rib-båtulukke i Olden

TIL SJUKEHUS: Den eine av dei tre som fall i sjøen vart frakta med Luftambulansen til sjukehus.

Foto: Joar ødegård

I alt tre personar fall ut av rib-båten, mellom anna to passasjerar frå eit cruiseskip.

Operasjonsleiar Kjetil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt fortel at to av personane har kome seg på land, medan den tredje er skadd og måtte hjelpast på land.

AMK opplyser seint onsdag kveld at mannen er kritisk skadd, og får intensiv behandling. Mannen er 57 år gamal.

– Det vi no har fått opplyst er at den eine av dei er skadd, og han er no frakta med Luftambulansen frå staden. Vi kan ikkje seie noko om tilstanden hans.

Drange seier at dei førebels veit lite om korleis ulukka skjedde. To av dei tre som fall i sjøen var passasjerar på «Britannia», eitt av dei to cruiseskipa som ligg i Olden i dag.