Hopp til innhold

Mange sjukeheimar manglar naudstraum - fire år etter Dagmar

Fire år etter at fylkesmannen var svært kritisk til manglande naudstraum på sjukeheimar i fylket, står framleis mange utan naudaggregat ved ei krise.

Strømledninger over Sognefjorden

TO DØGN: Ein montør frå Sognekraft på jobb etter Dagmar øydela høgspentlina over Sognefjorden, noko som førte til at Fjærland var utan straum i over to døgn.

Foto: Tor Yttri / SCANPIX

Ekstremvêret Dagmar i romjula 2011 gjorde at mange stader i fylket stod utan straum i fleire dagar. Ei kartlegging av fylkesmannen like etter uvêret viste at minst 10 av 26 kommunar ikkje hadde naudstraum til sjukeheimar og omsorgsbustader.

Ein ringerunde NRK har tatt fire år etter, viser at sju kommunar framleis manglar naudstraum til sjukeheimar eller omsorgsbustader. I fire av desse er aggregat for naudstraum vedteke og skal byggjast i 2016 og 2017. Men tre av dei, Vik, Gaular og Hyllestad, har ikkje gjort vedtak om naudstraum.

– Generelt er situasjonen betre, men det står att arbeid nokre stader. Med ein aldersheim utan lys, utan varme, og med krevjande brukarar, tenkjer eg at det fort kan vere kritisk viss straumen blir vekke over tid, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

– Skulle gjerne hatt råd

Bente Nesse

RÅDMANN: Bente Nesse.

Foto: Pressefoto

– Ideelt sett skulle vi hatt råd til mange ting, men det er ikkje slik vi lever i små kommunar. Dette er ein av tinga vi dessverre har måtta nedprioritere, seier rådmann i Hyllestad, Bente Nesse.

Ho seier dei har to forsyningslinjer og varmekjelder som gassomn og peis, men skulle gjerne hatt naudstraum.

– Vi har gjort risikovurderingar, og to linjer og alternative varmekjelder gjer at dette ikkje har vore prioritert. Så får vi kanskje vurdere det på nytt, seier Nesse.

Kraftleiding som har blåst ned i Stryn

STRYN: Dette biletet er teke i Stryn under Dagmar, orkanen som forlèt store delar av fylket utan straum.

I Vik og Gaular finst pengar til aggregat for naudstraum i økonomiplanane for dei neste åra, men framleis må politikarane seie ja eller nei til endelege løyvingar før installasjon.

– Vi har ikkje teke stilling til kor stort aggregat vi eventuelt skal satse på, og om vi skal dekke omsorgsbustader i tillegg til sjukeheimen. Vi har opplevd ei sikker straumforsyning og fått garantiar frå Sunnfjord Energi at vi har sikker forsyning på Sande. Det prekære behovet har ikkje vore her, seier rådmann i Gaular, Helge Følid.

– Naudstraum må til

Haavard Stensvand forstår at kommunar må vege millioninvesteringar i naudstraum mot andre viktige oppgåver, og har ingen lov han kan bruke til å tvinge kommunane til å sikre naudstraum.

Likevel er han sikker i sin sak.

– På omsorgsinstitusjonar med brukarar som stadig blir tyngre, skulle det forundre meg veldig om konklusjonen kan bli ein annan enn at naudstraumsaggregat må til for å sikre forsvarleg straumforsyning og forsvarleg drift når dei ordinære systema ikkje fungerer.

Og det kan skje sjølv med tilsynelatande god forsyning, meiner Stensvand.

– Viss vi tenkjer tilbake på Dagmar, såg vi kommunesenter med tre og heilt opp til fem ulike innførslar av straum, som likevel vart straumlause over lang tid.

Naudstraum i kommunane

Kommune

2011

2015

Askvoll

Ja

Aurland

Ja

Balestrand

Ja

Bremanger

Delvis

Delvis - Ja frå mars 2016

Eid

Nei

Ja

Fjaler

Nei - Ja i løpet av 2016

Flora

Ja

Førde

Ja

Gaular

Nei

Nei

Gloppen

Nei

Ja

Gulen

Ja

Hornindal

Ja

Hyllestad

Nei

Nei

Høyanger

Delvis

Delvis

Jølster

Nei

Delvis - Ja i løpet av 2016

Leikanger

Nei

Ja

Luster

Nei

Ja

Lærdal

Nei - Ja i løpet av 2016

Naustdal

Ja

Selje

Ja

Sogndal

Nei

Nei - Ja i 2017

Solund

Ja

Stryn

Ja

Vik

Nei

Nei

Vågsøy

Ja

Årdal

Ja

Kommuar som sa Ja i 2011 er ikkje spurde i 2015

Ekspander/minimer faktaboks