Måløyværing topp på Wall Street

Olav Refvik frå Måløy er kåra til fjorårets femte beste aksjehandlar på Wall Street-børsen i New York.

I bladet Trader Monthly blir Refvik omtala som ei stjerne innan aksjehandel i energi- og råvaresektoren, skriv Bergens Tidende.

Ifølgje bladet tente Refvik personleg mellom 120 og 150 millionar kroner i fjor.

I finanspressa i New York blir måløyværingen ofte omtala som "Kongen av New Yorks hamn".

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.