Hopp til innhold

Mållaust trass kjempesjansar for Sogndal på slutten

SOGNDAL-BRANN 0-0 (NRK): Sogndal burde vinne for å halde laga bak på trygg avstand. Medan siger for Brann kunne blitt avgjerande i kampen for direkte opprykk.

Sogndal - Brann
Foto: Steinar Lote / NRK

Med 90 mållause minuttar på Fosshaugane leiar Sogndal framleis 1. divisjon. Sidan Sandnes Ulf tapte kveldens borteoppgjer mot Kristiansund, auka Sogndal dermed avstanden til tabelltoaren til fem poeng.

Brann måtte derimot sjå seg forbigått av Kristiansund, og er no nummer fire - framleis med sju poeng mindre enn Sogndal sine 40 poeng.

Følg den avgjerande opprykkskampen minutt for minutt her.

Laster innhold, vennligst vent..

SLUTT.

93. minutt. Brasse frå Otoo! Får ikkje skikkeleg trøkk i skotet og ballen går rett på keeper.

92. minutt. Sogndal med ein kjempesjanse etter eit langt innkast! Ballen går i stolpen, tilsynelatande utan at nokon er borti den på vegen.

90. minutt. Leciejewski har all verdas tid når han tek utspark. Dommaren har lagt til tre minutt.

89. minutt. Skot frå Skålevik frå 20 meter. Aldri farleg.

86. minutt. Kasper Skaanes går ut for Brann, Eirik Birkelund kjem inn.

84. minutt. Bjørn Inge Utvik kjem inn og overtek kapteinsbindet til Rune Bolseth.

83. minutt. Brann har kontrollert ballen dei siste minuttane. Det gjev grunn til uro for heimepublikummet med tanke på korleis Sogndal har fiksa avlsutningane dei siste kampane.

80. minutt. Psyche headar rett på Leciejewski etter eit frispark frå Petter Strand.

78. minutt. Huseklepp kjem inn for Fredrik Haugen. Demidov kjem til ei farleg heading på bakerste stolpe rett etter.

75. minutt. Ikkje mykje som luktar mål utpå her no. Sogndal verkar å ha mest å kome med, men sjansane er det langt mellom.

74. minutt. Eirik Skaasheim kjem inn for ein skada Victor Grodås.

72. minutt. Tempoet på kampen har dabba av. Sogndal er vel mest nøgde med uavgjort, medan Brann berre vil vere to poeng bak andreplassen, dersom Sandnes Ulf taper.

70. minutt. Sogndal gjer eit byte på spissplassen. Mahatma Otoo kjem inn for Osita Chikere.

66. minutt. Thomas Drage brukar farten på venstrekanten, men blir kontant takla av midstoppar Evans rett før han er åleine igjennom.

63. minutt. Kasper Skaanes driblar seg nesten fri på venstrekanten, men bli hardt pressa og innlegget blir svakt.

60. minutt. Karadas går ut, Amadaiya Rennie kjem inn for Brann.

58. minutt. Etter litt tekniske problem er vi med igjen frå Fosshaugane. Ikkje så mykje som har skjedd, anna enn at kaptein Rune Bolseth fekk gult kort etter at han reagerte kraftig på det han meinte var filming frå Skålevik.

47. minutt. Spelarane går til pause med 0-0 og får høyre av speaker at Sandnes Ulf ligg under 0-3 i Kristiansund. Brann opna best, men Sogndal tok etter kvart over og hadde nok fortent å leie kampen.

45. minutt. Det er lagt til to minutt og Sogndal får eit farleg frispar like utanfor sekstenmeteren. Fardal Opseth skyt ballen rett i muren.

42. minutt. Nok ein brannspelar blir liggjande nede etter ein hovudduell i feltet. Kristoffer Barmen kjem seg raskt på beina. Medan han ventar å kome innpå kjem Sarr til ei småfarleg heading etter eit langt innkast.

40. minutt. Full dominans frå Sogndal i denne perioden av kampen. Ligg høgt i bana, noko som opnar for kontringar til Brann.

37. minutt. Cristophe Psyche vil ha straffe etter ein duell i brannfeltet, men får ikje gehør hos dommaren.

35. minutt. Babacar Sarr får gult kort. Like etter får Kasper Skaanes det same. Temperatur på Fosshaugane.

32. minutt. Gigantsjanse for Fardal Opseth og Sogndal! Nok eit innlegg, nok ei heading og nok ein gong må tidlegare sogndalkeeper Leciejewski ut i full strekk.

30. minutt. Sivert Heltne Nilsen får skyte fritt frå 17 meter, men det blir ei skikkeleg lompe.

27. minutt. Thomas Drage driblar seg fri på venstre. Innlegget er perfekt og headinga frå Osita Chikere tvinger Leciejewski ut i full strekk. Sogndal har tatt litt over etter ein god start for Brann.

22. minutt. Karadas med ein gigantsjanse, headar rett på keeper frå kort hald etter eit innlegg!. Etterpå brøytar han både ballen og keeper over streken på karakteristisk vis. Prøver til og med å juble. Blir ikkje dømt mål.

20. minutt. Brannsupportarane syng «fotball skal spelast i helga» og får svar frå Saftkokaradn på motsett side.

16. minutt. Sogndal med sine to første halvsjansar i kampen. Først etter eit frispark, så på eit innlegg i situasjonen etterpå. Aldri skikkeleg farleg. Like etter kjem brann til eit inlegg ved Kasper Skaanes. Har opna seg litt her no.

14. minutt. Karadas kjem inn på bana med ein kvit bandasje som dekkar heile hovudet. Kjem til skot på direkten men blir blokkert. Like etter er òg Sogndal fulltallige.

13. minutt. Brann trillar ball, Sogndal verkar nøgde med å forsvare seg.

11. minutt. Brann kombinerar fint på høgrekanten, før innlegget blir for dårleg.

10. minutt. Begge laga spelar med ti mann utpå bana. Mykje duellering, men lite finspel og sjansar førebels.

8. minutt: Farleg innlegg frå høgrekanten til Brann, men det går forbi alle.

4. minutt: Babacar Sarr blir liggjande nede etter ein duell med Azar Karadas. Beggje er på beina, men må forlate bana.

3. minutt: Dyngeland blir pressa av ein hardtarbeidande Azar Karadas, men får klarert.

Laster innhold, vennligst vent..