Hopp til innhold

Mållaget vil ha omkamp på namna dei ikkje likar

Noregs Mållag vil gjerne at Stortinget landar på andre namn til dei nye storfylka enn det kommunalministeren legg opp til. Det er særleg tre namn målfolket ikkje likar: «Innlandet»,«Viken» og «Vestland».

Magne Aasbrenn, leder for Noregs Mållag

KRITISK: Magne Aasbrenn i Noregs Mållag er kritisk til namna på dei nye fylka.

Foto: Noregs Mållag

– Dei tre namna er rare og klønete. Dei har ikkje noko forankring i norsk språktradisjon, seier nyvald leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn.

Mållaget har hatt landsmøte i Vinje i Telemark i helga, og eit av forslaga som fekk fleirtal var ei fråsegn som seier klart ifrå om at dei nye fylkesnamna er dårlege.

– Og det var eit samrøystes forslag. Det var ingen som var imot, ingen som tykte namna var gode eller at prosessen har vore god, seier Aasbrenn.

Frå 1. januar 2020 skal dagens 19 fylke bli til 11.

Dei ulike fylkestinga som har slått seg i hop, har allereie vedteke kva dei sjølv meiner dei skal heite. Og kommunalminister Monica Mæland (H) har innstilt på at det rådet blir følgt.

Men til sist er det Stortinget som skal bestemme kva som blir namna.

– Og vi håpar verkeleg at Stortinget set foten ned. Vi ønskjer ein betre prosess, med ei skikkeleg høyring. Difor håpar vi at Stortinget lyttar til dei råda som har kome frå språkrådet, og startar prosessen på nytt, seier mållagsleiaren.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating 27.oktober 2017

HAR VEDTEKE NAMNET: Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland har vedteke kva dei meiner det nye fylket skal heite. Her er dei avbilde ved felles fylkestingssete i Gule i 2017.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Vil ikkje overstyre lokaldemokratiet

Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) frå Sogn og Fjordane vil sjølv representere det mållaget kallar det verste av alle namn, nemleg «Vestland». Han tykkjer likevel ikkje det er så lett å velje eit anna namn.

– Mitt utgangspunkt er at eg tenkjer vi bør respektere dei lokale folkevalde sine vedtak. det som er vedteke i fylkestinga er veldig tungvegande, og det sit langt inne å gjere om på det, seier Storehaug.

Og også fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, trur ikkje det kjem til å bli noko anna at det namnet som allereie er valt.

– Vi forventar at Stortinget lyttar til det fylkestinga har vedteke. Det er det som er det demokratiske vedtaket. Og det er eit vedtak som vart gjort nesten samrøystes, og etter ein god prosess med høyringar og så vidare, seier Følling.

Tore Storehaug

LOKALDEMOKRATIET VEG TUNGT: Tore Storehaug frå KrF tykkjer ikkje det er lett å overprøve fylkestinga i denne saka.

Foto: Peter Lang

– Kan bli ståande i hundrevis av år

Mållagsleiar Aasbrenn er nedslått av denne tankegangen.

– Det er liksom slit at «bordet fangar», no er det ikkje mogleg å velje noko anna. Det er veldig dumt, for dette namnet kan bli ståande i hundrevis av år. Då er det ikkje lurt å velje namn som bryt med all norsk namnetradisjon.

NRK har forsøkt å kome i kontakt med kommunaldepartementet, men har ikkje lukkast med det.