Måleri-feiden er truleg over

Kjøparen av det som først var anteke som eit ekte Astrup-verk får mest sannsynleg behalde det.

Astrup-verk funne i Jølster
Foto: Privat

Etter at Even Kongsvik kjøpte eit dødsbu i Jølster har det storma rundt han. For i buet dukka det opp eit måleri både han og kunstekspertane var sikre på var eit ekte og verdifull Astrup-verk.

Ville omgjere kjøpet

Då dette kom fram i lyset skreiv Firda at Frelsesarmeen, Kirkens Nødhjelp og Vassenden kyrkje kravde at måleriet måtte tilbakeførast til buet. Alle var testamenterte arvingar, og det var truleg heimel for omgjering av kjøpet då det såg ut til at Kongsvik hadde betalt langt under verdi.

Men så stod barnebarnet til Nikolai Astrup, Nikolai Astrup Geelmuyden, fram og fortalde at det var han som måla dette biletet som 16-åring. Då endra saka seg drastisk, og ifølgje kunstkjennar Gunnar Krogh-Hansen hos Norges største kunsthandel, Blomqvist, fall verdien kraftig.

– Då har det eigentleg berre ein dekorativ verdi og ingen kommersiell verdi, sa Krogh-Hansen til NRK då.

Set punktum

No får truleg Kongsvik behalde buet utan meir om og men.

– Det er jo klart at måleriet har ein heilt annan verdi no. Og når det er relativt liten verdi i buet er det ikkje heimel for å hente det tilbake. Så det er vel berre formalitetar unna at det vert sett punktum for denne saka, seier Karl Russøy, leiar for stiftinga Vassenden kyrkje som er ein av dei testamenterte.

– Når det ikkje er målt av kunstnaren bak det opphavlege motivet er det ikkje rimeleg at prisen er høg, seier han.

Bustyrar Odd Bovim seier til NRK at ut ifrå det han veit er det barnebarnet til Nikolai Astrup som har målt det omtala biletet.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.