Hopp til innhold

Sogndal har henta makedonsk landslagsspelar på prøvespel

Makedonske Jasmin Mecinovic (21) er på plass i Sogndal, og kan bli løysinga på forsvarskrisa.

Håvard Flo

KAN LØYSE KRISA: Håvard Flo og Sogndal har henta inn ein makedonsk landslagsspelar som kan vere med å løyse problema dei har i forsvarsrekkjene.

Foto: Rune Fossum / NRK

Etter at fleire sentrale forsvarsspelarar ein etter ein har forlate Sogndal, har mange lurt på korleis klubben skal løyse problema med holet i den bakre rekka. I tillegg til at fleire spelarar har reist frå klubben er også Per Egil Flo, Eivind Daniel Røed og Espen Næss Lund ute med skade.

Assistenttrenar Håvard Flo var ifølgje Bergens Tidende på Sogndal lufthamn for å hente den makedonske spelaren torsdag morgon, og i ettermiddag skal han vere med på si første trening.

I første omgang er Mecinovic i Sogndal på prøvespel, men Flo seier klubben håpar han vil kunne vere der fram til sommaren. Sogneklubben skal ifølgje BT sjå for seg ei løysing med å låne han fram til då, og vil deretter ha opsjon på eit eventuelt kjøp.

– Vi har hatt Mecinovic i kikkerten ei stund. Trond Fylling har sett på referansane hans, og dei ser ok ut. Vi har gode rapportar, seier Flo til avisa.

Det kan bli aktuelt for Sogndal å prøve den makedonske midtstopparen allereie i treningskampen mot Strømsgodset på laurdag.