NMK Sunnfjord vart i Fjordane tingrett dømd for brot på grannelova og må leggja ned motorsportbana. Leiar i gokart-komiteen, Frode Steen, seier dei er skuffa over dommen.
- Vi er veldig skuffa, og no må vi sjå på kva slags konsekvensar dette vil få for oss, seier han.
Heftige protestar frå naboane
Heilt sidan NMK Sunnfjord i 1997 starta planlegginga av sitt nye motorsportsenter i Kråkenesmarka i Førde, har dei to naboane protestert heftig mot bygginga, men til ingen nytte. Både Fylkesmannen og Førde kommune har avvist klagene frå pensjonistane som har hytte under 100 meter frå motorbana. Den ekstreme motorstøyen har gjort at dei to har gått rettens veg for å få lagt ned motorbana.
- Kommunen må ta ansvar
Leiar i gokart-komiteen, Frode Steen, ber no kommunen ta ansvar og følgje opp rreguleringsplanen som gjev motorklubben lov til å driva aktivitet i Kråkenesmarka.
- Kommunen har allereie vedteke ei omregulering av området i Kråkenesmarka. Det står også i vedtaket at hyttene skal fjernast, seier Steen. Han veit enno ikkje om det kjem til å anke dommen.
Nøgde hytteeigarar
Endre Grande som representerer hytteeigarane, seier dei no reknar med at banen vert stengd.
- Hytteeigarane er veldig nøgde med at dei endeleg har fått gjennomslag for det dei har hevda heile tida, nemleg at det er uleveleg å vere hyttenabo. Vi ventar at aktiviteten vert stoppa inntil det vert avklart kva som skal skje vidare, seier han.
Norske Motorklubb Sunnfjord må også ut med 120.000 kroner i sakskostnader til hytteeigarane.