Hopp til innhold

Må spare 55 mill.

Nestleiar i Helse Førde-styret, Kjell Opseth, lovar å prøve, men anar ikkje kvar styret skal kutte for å finne 55 millionar på tre månadar.

Kjell Opseth
Foto: NRK

 - Eg skulle gjerne sett at Helse Vest sendte ved ei oppskrift for korleis, for eg ser det ikkje klart og tydeleg i dag korleis vi skal klare det, seier nestleiaren i Helse Førde-styret.

Må produsere meir

Helse Vest vedtok onsdag at Helse Førde skal spare inn 55 millionar kroner på tre månadar. Opseth vil ikkje vedgå det sjølv, men det er liten tvil om at dette blir eit aldri så lite "Mission Impossible" - eit umogleg oppdrag.

- Risikoen for at vi ikkje klarer det, er der. Vi kan ikkje gjere det på tal tilsette, fordi det er tre månadar oppseiingstid. Då ser eg berre ein moglegheit til: vi må produsere meir, seier Opseth.

Kastar ikkje korta

- Vi har to alternativ. Det eine er å kaste korta eller å prøve å gjere jobben. Eg vel å prøve å gjere jobben som styret i Helse Vest har pålagt oss, legg han til.

I går gjekk leiar i Førde Arbeidarparti, Jorunn Kirketeig ut og sa den pålagde innsparinga vil øydelegge spesialitetane vi har bygt opp ved sentralsjukehuset. Ho lurte på om Helse Vest har vikarierande motiv og om Haukeland i framtida blir sentralsjukehuset for innbyggjarane i fylket. Opset trur det ikkje, men ser faren.

Vurderer fordeling

Samstundes fekk Gunvor Sunde med seg fleirtalet i Helse Vest-styret på å gå igjennom fordelinga av pengar til dei ulike helseforetaka i regionen. Dei vil sjå om desse er rette og rimelege.

Helse Vest skal også vurdere omstillingsbehovet som foretaka har i 2008 ut frå dagens prognose.