Hopp til innhold

Andreas måtte til Italia for å skaffe kokkar

BRIKSDALEN/LOEN (NRK): Stor mangel på kokkar i heile Nord-Europa gjer at hotell og restaurantar går nye vegar for å sikre seg arbeidskraft.

Andreas Briksdal

CV-AR FRÅ BOLOGNA: Etter reisa til Bologna kan Andreas Briksdal ved Briksdalsbreen Fjellstove tilsetje italienarar til å jobbe på kjøkkenet sitt. – Eg kunne tilsett to, tre kokkar på dagen. 

Foto: Steinar Lote / NRK

Inst i Oldedalen i Sogn og Fjordane, ved eit av landets mest kjende turistmål, Briksdalsbreen, er ein ny sesong berre veker unna.

Men utan kokkar ved grytene, har sjefen ved Briksdaslbreen Fjellstove lite å tilby gjestane.

– Det er umogleg å få tak i norske kokkar. Før eller seinare vil vi få skikkeleg problem. Nesten heile Europa har kokkemangel, seier Anders Briksdal.

Restauranten rommar 550 gjester og på sommaren står sju kokkar på kjøkkenet. Saman med andre bransjefolk var Briksdal nettopp i Italia for å sikre seg kvalifisert arbeidskraft.

– I staden for å få 120 søknadar på e-post som ikkje er gode nok, møtte vi 30 til 40 personar i Italia som var flinke, seier Briksdal.

– Blir verre år for år

– Å få tak i kvalifiserte kokkar, bakarar og servitørar er vanskeleg. Det vert verre for kvart år, seier rådgjevar Susan Stavøstrand i EURES, eit EU/EØS-samarbeid innan NAV.

Susan M. Stavøstrand

PILOTPROSJEKT: Rekrutteringsreisa til Italia var svært vellykka, meiner initiativtakar Susan Stavøstrand i NAV EURES.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Stavøstrand arrangerte Italia-reisa saman med italienske kollegaer. Rundt 60 kvalifiserte kandidatar var plukka ut til dei norske arbeidsgjevarane.

– Vi hadde med oss nær 35 kokkestillingar, 10 til 12 servitørstillingar, og stillingar til bartenderar, bakarar og reingjeringspersonalet.

Få ungdomar gjer som Heidi

Tal ungdomar som går på restaurant- og matfag har gått nedover kvart år sidan 2010, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Samstundes aukar etterspurnaden etter fagutdanna kokkar, mellom anna på grunn av eit reiseliv i vekst.

Kokk Heidi Gald og kjøkkensjef Torgeir Holmøyvik

ETTERSPURD: Kokk Heidi Gald og kjøkkensjef Torgeir Holmøyvik på kjøkkenet til Hotel Alexandra i Loen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kjøkkenet til Hotel Alexandra i Loen er internasjonalt. Mellom ti ulike nasjonalitetar står noko så sjeldan som ein ung, norsk nyutdanna kokk. Heidi Gald er usikker på kvifor så få vel kokkeyrket.

– Det er jo kjekt, men det er ikkje akkurat eit familieyrke.

– Kvifor ville du bli kokk?

– Eg er heller ikkje heilt A4. Eg likar å starte seint på dagen og avslutte seint, og så likar eg å lage mat.

Kjøkkensjef Torgeir Holmøyvik samarbeider med skular i Spania og Frankrike for å sikre seg god nok arbeidskraft. Han er spent på utviklinga.

– Det har ikkje vore problem her enno at vi må seie stopp for matservering, men i framtida kan det kome til eit nivå der vi ikkje får tak i nok fagfolk.

Potetball og pinnekjøt

Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv vedgår at behovet for norske fagutdanna kokkar er akutt.

– Vi vil ha folk som har ete potetball og pinnekjøtt og veit korleis det skal smake, men inntil det skjer, så er europearane hjarteleg velkomne, seier Devold.

Reiselivssjefen oppmodar ungdom til å velje yrkesfag.

– Det er viktig at både foreldre og rådgjevarar vaknar. Slutt å send ungdomen inn i jobbar som vert automatisert vekk.

men de må reise utenlands for å finne dei.

TV-SAKA: Stor mangel på kokkar i heile Nord-Europa gjer at hotell og restaurantar går nye vegar for å sikre seg arbeidskraft.