Hopp til innhold

Må avlyse 25 busslaster

Dei neste to vekene må eigar av Kjenndalsstova i Loen, Karin Magenbauer, avlyse 25 busslaster med turistar.

Kjenndalsstova
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Kjenndalen
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Grunnen er at arbeidet med å gjenopne vegen inn til den populære turistattraksjonen Kjendalsbreen nok ein gong er utsett. Vegen har vore stengd i halvanna år etter at deler av vegen rasa ut i oktober 2004.

Fryktar konkurs

No fryktar Karin Magenbauer at nok ein sommarsesong utan turistar skal ta knekken på bedrifta hennar.

- I verste fall kan vi gå konkurs. Når vi ikkje får inntekter seier det seg sjølv at det får store konsekvensar for bedrifta.

Isolert av raset

Raset isolerte Kjenndalsstova, og Magenbauer måtte halde stengt i fjor sommar. I fjor haust vart det bestemt at vegen skulle reparerast og opnast att i vår. Men no er altså arbeidet forseinka. Og Magenbauer stolar ikkje heilt på lovnadene om nyopninga.

- Nei, no er det vel sagt siste halvdel av juni. Men eg veit korleis det er, det kan fort verte forseinkingar igjen.