Måndag morgon fortel Siv Sørstrand ved alarmsentralen i Florø at det i natt har vore to personar frå brannvesenet og 12 frå Sivilforsvaret i området for å hindre at brannen skulle blusse opp igjen.
– No i morgontimane har brannvesenet i Vågsøy meldt at dei rykker ut igjen til området med sju nye personar, seier Sørstrand.
På det meste var femti mann og eit helikopter i arbeid før dei like før midnatt fekk kontroll på på lyngbrannen i Holvik.
Då NRK var i kontakt med alarmsentralen klokka 21.50 sundag kveld var situasjonen ein heilt annan og brannvesenet hadde då ikkje kontroll på brannen.
– Det brenn godt i eit område på rundt 105 mål, sa Sørstrand ved alarmsentralen i Florø då.
Ho fortel at eit brannhelikopter har dynka brannen med vatn rundt 45 gonger, og at det kjem til å halde fram med det fram til det blir mørkt. Då er det ikkje mogleg å fly lenger.
Så lenge vindretninga er slik den er no, er det ikkje umiddelbar fare for at brannen kan truge hus eller folk.
– På eit tidspunkt vart det vurdert å evakuere dei næraste husa, men det vart ikkje aktuelt, seier Sørstrand.
Brannen oppstod samstundes med ein annan lyngbrann i nærleiken av Måløy sentrum, men den er no sløkt. Brannen i Holvik har derimot synt seg å vere standhaftig.
– Brannen i Holvik er hissig, og spreier seg. Det er nordaustleg vind i området, noko som gjer at vi ikkje har kontroll der, seier Nina Andal ved alarmsentralen i Florø
Ved politiet sin operasjonssentral i Bergen fortel dei at både brannvesen, politi og ambulanse er ved brannstaden i Holvik.
– Den brannen er av eit større omfang enn den i Måløy, brannvesenet har ikkje kontroll på den endå. Den spreier seg, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Begge brannane har starta i høgspentleidningar
Brannen i Måløy var under 100 meter frå tett busetnad i Gate 7 i Måløy, og tett opp mot høgspentleidningar. Straumen er no kopla frå i store delar av sentrum.
Brannen i Holvik skal også ha byrja i høgspentmaster, og også der er straumen no kopla ut. Det er om lag 400 meter til næraste hus.