Hopp til innhold

Fly treft av lynnedslag like før landing

Like før landing i Florø måtte Widerøes rute WF 0126 returnere til Oslo. Årsak: lynnedslag.

Widerøe Dash 8

ILLUSTRASJON: Eit lynnedslag har innstilt to fly til Sogn og Fjordane, samt ein avgang frå Sogndal.

Foto: MORTEN HOLM / Scanpix

Flyet skulle ha landa 16:35, men måtte av omsyn til tryggleiken returnere til Oslo. Det var 15 passasjerar om bord i flyet.

– Oslo er teknisk base, og etter eit lynnedslag må flyet inspiserast av tryggleiksmessige årsaker, seier informasjonssjef Silje Brandvoll hos Widerøe.

– Smell godt

Flyet var under innflyging til Florø. Det er uvisst kor mange minuttar det hadde att av den vel timelange flyturen, då det måtte returnere.

Når lynet treff flyet, vil det følgje utsida og forsvinne ut frå lynavleiarane som er på alle flyror.

– Det smell godt når lyn treff flyet, men flyet er bygt for å tole det, seier Brandvoll.

Helikoptera står

Brandvoll har fått opplyst at alle passasjerane er orientert og fått høve til å stille spørsmål til det som skjedde. Dei skal vere booka inn på andre flygingar i kveld.

– Det bles litt frå vest, og det var litt lynaktivitet på tidspunktet flyet skulle lande. Men det har roa seg no, får NRK.no opplyst frå flytårnet i Florø.

Helikoptertrafikken til Nordsjøen står grunna torevêr utanfor kysten. Den er venta å starte opp att torsdag morgon.

Kansellerte fly

Lynnedslaget gjer at 2045-flyet til Sogndal frå Oslo er innstilt. Det same gjeld morgonflyet torsdag.

Frå Sandane lufthamn Anda blir det meldt om snøbyer, men at dei så langt ikkje har hatt problem med trafikken. Også på Bringeland i Gaular er det dårleg vêr.

– Det er tette snøbyer med vind innimellom, samt torevêr. Då kan det fort bli kanselleringar. Det kan absolutt vere lurt for reisande å sjekke med Widerøe om flyet er i rute, får NRK opplyst frå lufttrafikktenesta.