Hopp til innhold

Lurte til seg 600.000 kroner i ektemannen sitt namn

Ei kvinne frå Sogn og Fjordane brukte ektemannen sin nettbank for å ta opp 600.000 kroner i forbrukslån. No er ho dømd til sju månader i fengsel.

Norges Lover

(illustrasjonsfoto)

Foto: NRK

Det var i mars 2016 at kvinna i 40-åra ho tok opp det første forbrukslånet på 9.000 kroner i ektemannen sitt namn.

Utover 2016 og fram til februar 2017 tok ho opp ni forbrukslån på til saman 600.000 kroner hjå ulike bankar og låneinstitusjonar i ektemannen sitt namn. Ho søkte også om til saman 340.000 kroner i forbrukslån som ikkje vart innvilga.

I dommen står det at dei fleste låna som den sikta lukkast med å få utbetalt er innfridd, og retten legg til grunn at motivet til kvinna har vore å oppnå kreditt. Ho har gjennomgåande brukt dei nye forbrukslåna til å innfri gamal gjeld. Det siste lånet ho tok opp, i februar 2017, var på 250.000 kroner. 230.000 kroner av den summen vart brukt til å betala ned dei tidlegare forbrukslåna.

Aktor bad om at kvinna skulle dømmast til sju månader i fengsel. Forsvararen meinte det var for strengt, og bad om mildast mogleg straff.

Retten dømde ho til sju månader i fengsel. Fem av dei sju månadane vart gjort på vilkår, som gjer at ho slepp å sone dei i fengsel dersom ho ikkje gjer nye lovbrot i prøvetida på to år. Ho må også betala om lag 30.000 kroner i erstatning til tre låneinstitusjonar.

Retten tok med i straffeutmålinga at kvinna frå første avhøyr har tilstått alt, og at saka dermed kunne førast som ei tilståingssak. Ho har hovudomsorga for parets barn, og retten la i straffeutmålinga vekt på at ei lang soning vil vera utfordrande for barna sin omsorgssituasjon. Lang soning kan også få negativ innverknad på den rehabiliteringa og positive utviklinga den sikta er inne i, heiter det vidare i dommen.