Stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet meiner høgskulen likevel ikkje bør gje opp Studiesenteret på Sandane, og at dei står seg på å oppretthalde ein desentralisert struktur.
Framlegget til Statsbudsjett frå regjeringa Stoltenberg har i seg meir pengar til Høgskulen i Sogn og Fjordane enn regjeringa Bondevik løyvde. Likevel inneber framlegget eit kutt som gjer at Høgskulen meiner dei må legge ned studiesenteret på Sandane.
I dag tidleg gjekk fylkeleiar i KrF, Svein Ottar Sandal, ut og kritiserte Høgskulen, som han meiner ønskjer å kvitte seg med studia på Sandane. Erling Sande oppmodar Høgskulen om å arbeide vidare for å berge studiesenteret, og ventar at dei vil ta kontakt med Sogn og Fjordane-benken for å få auka løyvingar.