Hopp til innhold

Lovar frisk og ekte FolkeLutt-konsert

FØRDE (NRK): Nokre av dei fremste folkemusikarane frå Sogn og Fjordane står på scena under den aller første NRK FolkeLutt på fredag.

Nokre av dei fremste folkemusikarane frå Sogn og Fjordane står på scena under den aller første NRK FolkeLutt på fredag.

Linda Gytri har det siste året mellom anna spelt konsertar i India. På NRK FolkeLutt er ho tilbake i heimfylket med trioen sin. Sjå direkte frå klokka 15.

Fleire av musikarane som skal på scena reiser verda rundt med musikken sin, men no er dei i heimfylket for å gi deg ei sterk musikalsk oppleving.

Sjå sendinga direkte i nett-TV mellom klokka 15 og 16. Del gjerne bileta dine med oss - bruk #nrksf eller #folkelutt.

Direkte på radio og nett-tv

Det er NRK Sogn og Fjordane si musikksatsing Lutt som arrangerer konserten saman med Førdefestivalen. Direkte på radio og nett-tv fyller dei ein time med varierte folkemusikarar frå fylket. Programleiar Stian Sjursen Takle lovar ei musikalsk frisk, sterk og ekte oppleving.

Musikarane er verdsstjerner

Unni Løvlid i Oslo

Unni Løvlid trenerer like mykje internasjonalt og nasjonalt. No er ho tilbake i heimfylket til Førdefestivalen og NRK FolkeLutt.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

–Det er faktisk innan folkemusikken vi har dei største internasjonale artistane våre. Nokre av dei som kjem til denne konserten er store innan sin sjanger rundt om i verda. Eg trur ikkje alle er klare over kor høg stjerne folkemusikarane frå Sogn og Fjordane har, seier Stian Sjursen Takle. Han gler seg stort til å lose publikum, radiolyttar og nett-tv-sjåarar gjennom sendinga.

Musikk i toppklasse

På scena står Unni Løvlid frå Hornindal som med sin folkesong i ulike former trollbind publikum og skapar magisk stemning. Linda Gytri Trio frå Oldedalen har fått fantastiske meldingar for plata dei gav ut i vår, og skal gi deg smakebitar derifrå. Gro Marie Svidal er Noregs beste på hardingfele, og skal vise deg kvifor ho fortener den tittelen. Dessutan kjem dei unge talenta i Firda Spelemannslag for å gi deg folkemusikk med ung og frisk vri.

Gro Marie Svidal

Gro Marie Svidal er Norges beste på hardingfele. på FolkeLutt viser ho publikum kvifor ho fortener tittelen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Musikalsk overrasking

– Truleg får vi også ei overrasking på scena mot slutten av konserten. Det vil bli noko sprekt og sprelsk, seier programleiar Sjursen Takle. Det er aller første gong NRK Sogn og Fjordane arrangerer FolkeLutt. Håpet er at ein skal få gi ein liten smakebit av alt som finst av god kvalitet innan folkemusikken i fylket. Sendinga vil gå både direkte på radio og nett-tv og bli tilgjengeleg i opptak på begge stader.

Ønskjer publikumsfoto

Stian Sjursen Takle

Prosjektleiar Stian Sjursen Takle

Foto: Dagrun Reiakvam

NRK Sogn og Fjordane ønskjer også at du deler dine opplevingar under NRK FolkeLutt på Instagram med emneknaggen #nrksf og #folkelutt. Ein av dei som deler bileta sine vil få ei overrasking i posten.

Tre Lutt-konsertar i sommar

NRK FolkeLutt er den første i ein trilogi denne sommaren. NRK Sogn og Fjordane besøker nemleg tre festivalar dei komande tre vekene. Etter Førdefestivalen er det CountryLutt før sommarsesongen vert avslutta på Malakoff Rockfestival med SommarLutt for femte gong.

NRK FolkeLutt på Førdefestivalen 3. juli 15–16.
NRK CountryLutt på Norsk Country Treff 10. juli 15–1615.
NRK SommarLutt på Malakoff Rockfestival 17. juli 13–15.