Hopp til innhold

Lovar betring etter trøblete start for «Ampere»

Grunna ladeproblem har batteriferja «Ampere» gått med redusert kapasitet over fjorden. No lovar ferjeselskapet snarleg betring.

Ampere er på plass i Lavik

SNART I FULL DRIFT: Snart er ladeproblema historie, frå i dag vil batteriferja «Ampere» vere i tilnærma full drift.

Foto: NRK-tipsar

Fram til i dag har berre ladestasjonen på Oppedal fungert som den skal, medan den på motsett side av fjorden, i Lavik, har vore ute av drift. Det har ført til færre avgangar og meir venting for passasjerane.

No lovar selskapet som driv sambandet at dei skal vere oppe og gå i løpet av kort tid.

– I dag får vi straum frå begge sider og båten vil vere i tilnærma full drift, seier regionsjef i Norled, Inge André Utåker.

Forseinka verdsnyheit

«Ampere» skulle, som den første ferja i verda utan lokale utslepp, ha vore i drift på sambandet frå 1. januar.

Inge Andre Utåker er regionsjef i Norled

SNART I MÅL: Inge Andre Utåker lover at «Ampere» snart vil vere i full drift.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Men ferja kom seinare frå verftet enn planlagt, og først i midten av februar vart den sett i sving på sambandet. Då hadde ferja lagt bak seg tre veker med testing og tilpassingar, etter at den første prøveturen vart unnagjort i slutten av januar.

Sidan har ferja gradvis blitt fasa inn, med vidare testar og utbetring av ladestasjonane.

No stundar det mot påske, noko som vil bety stort trykk på både vegar og ferjesamband. Regionsjefen føler seg rimeleg trygg på at problema dei har bala med skal vere fiksa til då.

– Heilt sikker er det vanskeleg å vere her i verda, men eg er temmeleg sikker på at «Ampere» skal gå i full produksjon då, seier Utåker.

Set inn ekstra ferje i påska

I påska vil dei enkelte dagar òg sette inn ei ekstra ferje på sambandet: fredagen før palmehelga, onsdagen før skjærtorsdag, samt første og andre påskedag.

– Dei dagane vil det vere fire ferjer på sambandet og då vil kapasiteten vere veldig god, seier Utåker.

Sjølv om problema verkar å gå mot slutten, betyr ikkje det at testinga er heilt over. Over helga, på måndag, blir det ei ny pause for batteriferja.

– Viss det blir fleire stengingar, så blir dei få og korte, lovar Utåker.

Næringsminster Monica Mæland døpte den nye batterifergen "Ampere" i Omastrand torsdag.

TUNGDØYPT: Ampere har opplevd små og store problem på vegen mot å komme i full drift på fjorden. Også under dåpen oppstod det uventa komplikasjonar.