NRK Meny
Normal

Lovar 1,1 milliard til riksveg 5 i Kjøsnesfjorden

JØLSTER (NRK): Regjeringspartia og samarbeidspartia vil legge 1,1 milliard kroner på bordet til ein ny tunnel langs rasfarlege Kjøsnesfjorden i Jølster. – Dette er ein eventyrleg dag, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

Regjeringspartia og samarbeidspartia legg 1,1 milliard kroner på bordet til ein ny tunnel langs rasfarlege Kjøsnesfjorden i Jølster.

LOVA 1,1 MILLIARD: Politikarar frå regjeringspartia og støttepartia hadde gode nyheiter då dei besøkte Kjøsnesfjorden i Jølster i strålande sol onsdag morgon.

– Dette er ein fantastisk dag for heile Sogn og Fjordane. På vegner av Høgre, Frp, KrF og Venstre kan vi presentere at det ligg inne 1,1 milliard kroner til riksveg 5 i Kjøsnesfjorden, som er fullfinansiert i første periode, seier Lødemel som i dag kom med nok ein lekkasje frå Nasjonal Transportplan.

NRK sende direkte då ei gruppe politikarar frå regjeringspartia Høgre, Frp, saman med støttepartia KrF og Venstre, i 09-tida onsdag morgon troppa opp i Kjøsnesfjorden i Jølster. Med seg hadde dei lovnader om pengar til rassikring av siste del av strekninga, pengar som mange har venta lenge på.

Statens vegvesen har for lengst starta planlegging av ei forlenging av dagens Støylsnestunnel med vel 5 kilometer. Vegvesenet har skildra skredsituasjonen i Kjøsnesfjorden som utfordrande, der hyppige stengingar på grunn av ras og rasfare har ført til store ulemper for trafikantane.

– Denne tunnelen har folk som ferdast her etterlyst lenge. Vi som køyrer her vinterstid ser opp i fjellsida etter ras, så det er gledeleg at vi har fått til dette og at dette blir prioritert, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Lars-Svein Drabløs.

– Dette er viktig for mange

Rasulukka i Kjøsnesfjorden i 2003

MISTA BEINA: Ein ung mann miste begge beina då ei stor steinblokk knuste denne varebilen i 2003.

Foto: Steinar Lote / NRK

Riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden er vel kjent for mange ras opp igjennom tidene. I mai 1999 omkom ein mann då bussen han var passasjer i vart treft av eit steinsprang, medan ein ung mann miste begge beina då varebilen han køyrde fekk fronten knust av eit steinsprang i 2003.

I fleire omgangar har det blitt brukt millionar av kroner på rassikring av riksvegen, seinast med den vel 2,6 kilometer lange Støylsnestunnelen, som vart opna av Kong Harald i 2009.

– Kjøsnesfjorden er blitt betydeleg tryggare enn den var for nokre år sidan, men det står framleis att eit stykke som ikkje er trygt. Det er mykje trafikk på vegen, så det er viktig å få på plass den siste biten, seier Ragnvald Søgnesand som er grunneigar på Søgnesand, inst inne i Kjøsnesfjorden.

Politikarar la fram ny NTP-lekkasje i Jølster

NY NTP-LEKKASJE: Frå venstre: Tore Storehaug (KrF), Lars-Svein Drabløs (Frp), Bjørn Lødemel (H), Sveinung Rotevatn (V), Vidar Grønnevik (H) og Anders Kristian Sægrov (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Heilt avgjerande

– For eit fylke som Sogn og Fjordane er rassikring heilt avgjerande. Det er alt for mange som køyrer langs vegane med hjarte i halsen. Slik bør det ikkje vere, seier stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn.

Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, uttrykte i går uro for at det ikkje har kome lekkasjar om rassikring frå den komande nasjonale transportplan. Rotevatn går langt i å love at det vil bli brukt betydelege summar på å sikre allereie eksisterande vegar.

– Eg trur ein vil sjå at når NTP blir lagt fram så er den totale potten til rassikring av riks- og fylkesvegar betydeleg.

Rotevatn seier det er viktig at det ikkje berre blir lagt store summar i nye samferdsleprosjekt, men at politikarane også grev djupt i pengesekken for å få bukt med forfallet på vegnettet.

– Det er viktig å ta dei ligg kjedelege kampane, slik at vi får trygge vegar og ikkje berre spring etter nye prosjekt heile tida.

Håpar spaden blir sett i jorda raskt

Prosjektet med utviding av Støylsnestunnelen låg også inne i førre NTP for perioden 2014–2023. Men det er altså først no pengane til å sette spaden i jorda kjem.

– Det er rett at prosjektet var inne, men pengane må også kome. No er det klart at pengane kjem til å starte opp, og det er det som betyr noko, seier Rotevatn.

– Det blir meir og meir kamp om samferdslekronene. I den harde kampen er det viktig at vi klarar å løfte prosjekt som dette, som handlar om å sikre folk sin tryggleik, seier stortingskandidat for Sogn og Fjordane KrF, Tore Storehaug.

Med 1,1 milliard kroner i første periode i komande NTP er det venta at arbeidet kan starte oppe så snart alt av planar ligg klare.

– Dette betyr at dette blir ein tryggare veg for alle dei som brukar den. Det er ekstra viktig at vi har fått på plass over ein milliard og at alt ligge inne i første planperiode slik at vi får ein kjapp oppstart og slepp å vente for lenge, seier Storehaug.

Har allereie lova pengar til skipstunnel og E39

Lokalpolitikarar frå regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet, saman med politikarar frå støttepartia KrF og Venstre, har dei siste dagane kome med fleire lekkasjar frå komande Nasjonal Transportplan (NTP), som skal gjelde frå perioden 2018–2029.

Sist veke vart det klart at Regjeringa vil bla opp 2,7 milliardar til verdas første skipstunnel, Stad skipstunnel. I går var det E39 mellom Myrmel og Lunde i Gaular som vart lova ein halv milliard.