Hopp til innhold

Lova ikkje ny bilferje

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete kan ikkje love ny bilferje til Værlandet og Bulandet.

Liv Signe Navarsete
Foto: Tor Erik Schrøder / Scanpix

Det sa ministeren då ho vitja Bulandet laurdag. Men ho lova at ho innan tre veker skal gje tilbakemelding om kor tid ferjestrekninga Værlandet - Askvoll skal lysast ut på anbod.

Krev overbygd ferje

Øyfolket krev overbygd ferje, med salong oppe, og set si lit til at dette kan bli krav når ferja vert lyst ut på anbod.

- Eg har ikkje gjort det til ein vane at eg ikkje lovar noko når eg er ute på tur. Dette må vi komme tilbake til, for det er ei sak som må utgreiast og inn i budsjett, seier ho.