NRK Meny
Normal

Unge Høgre-lokallag gjer nytt forsøk på å kvitta seg med desse

Tre av fem lokallag krev nytt ekstraordinært fylkesårsmøte i Unge Høgre. Men fylkesstyret vil ikkje kalla inn, sjølv om partilova seier at dei skal.

Styret i Unge Høgre

STYRET I SOGN OG FJORDANE UNGE HØGRE: Peter Hollevik frå Florø (i midten på biletet) blei vald til ny leiar på generalforsamlinga til Sogn og Fjordane Unge Høgre i februar i år. Med seg i styret fekk han (f.v.) Bendik Hovland Liseth, Vilde Tøfte Øvstetun (2. nestleiar), Asbjørn Øyra Sæterskar (fungerande leiar) og Pernille Hjelmeland (1. nestleiar).

Foto: Unge Høgre

– Det er best for alle å ha eit styre, som det ikkje er tvil om er valt på lovleg vis, seier Amanda Solvåg, tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre.

Striden i Unge Høgre har på ingen måte lagt seg snart tre månader etter den turbulente generalforsamlinga, som er fylkesårsmøtet i partiet.

Tre av fem lokallag krev nemleg at fylkesstyret kallar inn til ny ekstraordinær generalforsamling. Partilova seier at lokallaga kan krevja dette viss over halvparten av laga står bak. Likevel vil ikkje fylkesstyret gjera det.

Koplar inn Unge Høgre sentralt

– Me har sendt kravet til lovkomiteen til Unge Høgre sitt landsforbund, seier fungerande fylkesleiar Asbjørn Øyra Sæterskar, som ikkje ønskjer å forklara årsaka til at sentralorganisasjonen er kopla inn.

Dei tre lokallaga i Midtre Sogn, Indre Sogn og Selje sende kravet om ny ekstraordinær generalforsamling 9. mars. Over ein månad etter at Unge Høgres landsforbund fekk dette kravet på bordet sitt, har lovkomiteen enno ikkje konkludert.

Amanda Solvåg

KREV NYVAL: Amanda Solvåg trur den lange krav-handsaminga kan vera for at fylkesstyret skal få tid til verva nye medlemmer, slik at dei kan få fleirtal ved ei ny generalforsamling.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det fortel meg at dei har mest lyst til å trenera eller ignorera dette kravet, seier Solvåg.

Uvisse kring Selje Unge Høgre

Generalsekretær Erlend Svardal Bøe i Unge Høgres landsforbund avviser påstanden om trenering og seier at det er heilt vanleg at eit fylkesstyre vil høyra vurderinga til Unge Høgre sentralt i saker dei er usikre på.

– Det usikre i denne saka er kor mange lokallag som er teljande. Partilova seier at eit lokallag skal ha gjennomført årsmøte og sendt inn protokollar i tide. I starten av mars – like før kravet om generalforsamling blei sendt – blei eit nytt lokallag skipa, og dette lokallaget er med på kravet, seier Svardal Bøe.

Erlend Svardal Bøe

AVVISER TRENERING: Generalsekretær Erlend Svardal Bøe varslar ei avgjerd i nær framtid.

Foto: Privat

– De fekk klaga i mars og no skriv me mai. Kvifor har dette teke tid?

– Det er naturleg at lovkomiteen vurderer alle forhold, slik at dei kan gjera ei skikkeleg vurdering.

– Ikkje taktisk Selje-skiping

– Me hadde fått nye medlemmer og hadde då eit høve til å få opp Selje, men lokallaget er på ingen måte skipa berre for å få ny generalforsamling, seier Solvåg, som var med på å skipa Selje Unge Høgre.

den omstridde generalforsamlinga i februar blei fire av fem styremedlemmer kasta, inkludert leiar Amanda Solvåg.

– Framstår ikkje du og dine allierte som dårlege taparar når de ikkje kan slå dykk til ro sentralstyrevedtaket, Solvåg?

– Nei, det tykkjer eg ikkje. Eg skal ikkje tilbake som leiar. Me vil ha eit lovleg valt styre, som det ikkje er knytt tvil til.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.